Betre flyt i Bergenstrafikken

Færre bilar gjennom bomringane i rushtimane har betra flyten i Bergens-trafikken. Effekten av dei tidsdifferensierte bompengane har vist seg å vera betre enn Statens vegvesen hadde håpa på.

bilkø Foto- Istockphoto
Kan køane verta historie?

Dei tidsdifferensierte bompengane vart innført for å få fleire bergensarar og strilar til å nytta andre transportmiddel, særleg i dei kritiske timane morgon og kveld.

Frå kø til flyt
Erfaringar andre stadar har vist at 10 – 15 prosent reduksjon i talet på bilar er det som skal til for å omgjera ein stilleståande kø til trafikk med flyt.

Ein totalreduksjon i trafikken på seks prosent var betre enn Olav Finne, avdelingsdirektør for veg i Statens vegvesen Hordland hadde håpa på.
Ein totalreduksjon i trafikken på seks prosent var betre enn Olav Finne, avdelingsdirektør for veg i Statens vegvesen Hordland hadde håpa på.

Reduksjonen i talet på bilar i Bergensområdet i rushtida som følgje av innføringa av tidsdifferensierte bompengar 1. februar er stor nok til å forbetra flyten i trafikken, kunne Olav Finne, avdelingsdirektør for veg i Statens vegvesen i Hordaland, fortelja medlemmane i utval for miljø og samferdsel i Hordaland fylkeskommue i går.

Betydeleg reduksjon
Trafikkteljingar dei tre første vekene i februar, samanlikna med same perioden i fjor, viser ein betydeleg reduksjon i talet på bilar gjennom bomringen etter at avgifta vart heva i dei travlaste periodane.

I morgontimane mellom 6.30 og 9.00 var talet på bilar redusert med 17 prosent. Tek vi høgde for bilistar som har justert avreisa inntil ein halvtime, var nedgangen 10 prosent, sa Finne.

Størst effekt om ettermiddagen
Om ettermiddagane var effekten enno større. Mellom klokka 14.30 og 16.30 var kvar femte bil vekke frå vegnettet. Plussar vi på ein halvtime i begge retningar, var reduksjonen i biltalet 12 prosent, ifølgje avdelingsdirektøren i Statens vegvesen.

Betre enn venta
Men miljøeffekten av eit tiltak som tidsdifferensierte bompengar er begrensa dersom bilistane berre vel andre tidspunkt å reisa på. Teljinga for dei tre første vekene i februar viste at totaltrafikken også gjekk ned, med heile seks prosent.

– Litt meir enn vi hadde føresett, sa Olav Finne, avdelingsdirektør for veg i Statens vegvesen i Hordaland. No er han spent på om trafikken vil stabilisera seg på dette  nivået.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.