Statens vegvesen i tåka om finansieringa av Sotrasambandet

Statens vegvesen si planlagte orientering for fylkesutvalet for miljø og samferdsel om innhaldet i NTP vart utsett, «til vi veit meir».

Statens vegvesen i Hordaland køyrer rundt i tåka når det gjeld finansieringa av nytt Sotrasamband.
Statens vegvesen i Hordaland køyrer rundt i tåka når det gjeld finansieringa av nytt Sotrasamband.

Det var Olav Finne, avdelingsdirektør for vegseksjonen i Statens vegvesen Hordaland, som var invitert til å orientera politikarane i utval for miljø og samferdsel i Hordaland torsdag denne veka.

Ei orientering som skulle ha gjeve input til fylkeskommunen sin høyringsuttale til utkastet til ny NTP som vart lansert 29. februar.

Manglar detaljar
NTP går i detaljar om løyvingar til statlege vegprosjekt i perioden 2018 – 29.

Manglar detaljar om finansiering av Sotrasambandet, Olav Finne, avdelingsdirektør for veg i Statens vegvesen Hordland.
Manglar detaljar om finansiering av Sotrasambandet, Olav Finne, avdelingsdirektør for veg i Statens vegvesen Hordland.

Utan at avdelingsdirektøren nemnde årsaka, var det tydeleg at Finne var lite lysten til å gå i detaljar om innhaldet i utkastet.

Sotrasambandet
Største usikkerhetsfaktoren i utkastet til NTP, sett frå Hordaland, er andelen av statleg finansiering av Sotrasambandet. I framlegget er det øyremerkja kun 100 millionar til planlegging av det firefelts brusambandet som er kostnadsrekna til 8,9 milliardar kroner og som har planlagt anleggsstart i 2017/2018.

OPS-prosjekt
Sotrasambandet er planlagt som eit av fem nasjonale OPS-prosjekt i perioden. Som forklaring på dei manglande øyremerkja midlane har det blitt antyda at sambandet vil få ein del av OPS-potten på 22,4 milliardar kroner. Kor stor andel som vil verta øyramerkja Sotrasambandet er likevel usikkert.

4,9 milliardar
Fjell, Bergen, Sund og Øygarden kommunar som vert omfatta av prosjektet, planlegg i desse dagar ein felles bompengesøknad som legg opp til 4,9 milliardar kroner i statleg finansiering.

Les meir:
Samde om prinsipp for bompengebetaling
Sotrasambandet sett på ventBa Stortinget om 4,9 milliardar

 

 

2 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s