Vurderer betaling på innfartsparkering

Dei kring 3.000 innfartsparkeringsplassane i Bergensområdet er populære. Så populære at Hordaland fylkeskommune no vurderer å ta betalt av bilistane for bruken.

Hordaland fylkeskommune vil heller byggja dyre parkeringshus enn å nytta rimelege areal. Ved gamleskulen på Fjell vill det einkelt verta plass til eit 100-tals bilar, viser Ole-Konrad Ekerhovd og John Kjell Fjeld i Fjell Eldreråd.
Hordaland fylkeskommune vil heller byggja dyre parkeringshus enn å nytta rimelege areal. Ved gamleskulen på Fjell kan det einkelt og rimeleg verta plass til eit 100-tals bilar. Eitt år etter at Ole-Konrad Ekerhovd og John Kjell Fjeld i Fjell Eldreråd lanserte forslaget, har ingenting skjedd.

Det var John Martin Jacobsen i Hordaland fylkeskommune som fortalte dette til utval for miljø og samferdsel i går.

Misbruk
Undersøkingar fylkeskommunen har utført, viser at innfartsparkeringane einskilde stadar vert misbrukt. Dei som bur langsmed hovudinnfartsårane, og som einkelt kunne ta teke seg fram til fots eller med sykkel, opptek parkeringsplassane for dei som kjem langvegs frå.

Flinke Sotrafolk
Sotra- og Øygardsfolka er flinke til å nytta plassane på Straume slik dei er tenkt. Her kjem brukarane frå heile området, viser brukarundersøkinga.

Flesland
Brukarbetaling vil verta vurdert anlegg for anlegg. I første omgang kan det verta aktuelt å innføra på Nesttun og Lagunen i samband med ferdiggjeringa av Bybanen til Flesland.

– Hordaland fylkeskommune har ingen planar om å tilby rimelegaste flyplassparkeringa i Bergen, sa Jacobsen.

Vil dobla
Dei 3.000 parkeringsplassane for kollektivreisande er spreidde på 18 små og store anlegg i heile Bergensområdet. Siste tiltaket er 50 plassar i Skogsvågskiftet.

Fylkeskommunen har som mål å dobla talet på innfartsparkeringsplassar til opp mot år 2030. Tendensen går i retning av færre og større anlegg.

Finansiering
Utfordringa er kostnadane. Innfartsparkeringa er plasskrevjande. Å byggja ein plass i eit parkeringshus kostar ein stad mellom 300.000 og 400.000 kroner. Eindel av plassane er finansiert gjennom bompengepakkane. Plassane ved Storavatnet vert til dømes finansiert gjennom Askøypakken, i følgje Jacobsen.

Les også:
Vil ha meir fleksibel innfartsparkering
No kan du få bot – heile døgnet
Vil ha innfartsparkering på gamleskulen på Fjell

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.