Navnekrangelen – ei avsporing av kommunedebatten

Vestnytt har siste veka kjørt si eiga meiningsmåling om kva ein nye kommune bør heita. Ikkje uventa har det vist seg at meiningane sprikjer stort dei tre kommunane i mellom. Eg fryktar lokalavisa har klart å kjøra heile kommunedebatten ut på eit sidespor.

I staden for å gje grunnlag for den debatten om fordelar og ulemper med ei eventuell kommunesamanslåing som mange av innbyggjarane etterlyser, tek lokalavisa det for gitt at det vert ei samanslåing.

Folkerøysting
I Øygarden har Aud Karin Oen (SV) kravd at innbyggjarane må få avgjera spørsmålet om samanslåing med Fjell og Sund gjennom ei folkerøysting, slik fleire av dei politiske partia lova før valet.

I innbyggjarinitiativet, som har fått nok underskrifter til at kommunestyret må ta standpunkt til det, vert det også kravd at konsekvensane av å halda fram som eigen kommune må utgreiast.

Utgreia alternativa
I Sund er det mange som tel på knappane om ei kommunesamanslåing med Bergen kan vera like fordelaktig.

Også i Fjell er det eindel som spør seg korvidt ein storkommune vil vera å føretrekkja, eller om vekstkommunen treng politisk og næringslivsmessig motvekt i form av sjølvstendige nabokommunar.

Politiske korrekt
Ei kommunesamanslåing vil vera ei politiske korrekt ting å gjera, sett med augene til dagens regjering.

Avgjerande
Ei kommunesamanslåing vil vera ei avgjerande hending som vil få konsekvensar for innbyggjarane i fleire tiår fram i tid. Forhandlingane som førte fram til intensjonsavtalen gjekk unna på rekordtid – mindre enn ein månad. Det er ein illusjon å tru at politikarane våre skal ha klart å finne gode løysingar på alle utfordringar på den korte tida.

Skrik ut!
Er ei kommunesamanslåing verkeleg ein så god ide som politikarane våre vil ha det til? Les intensjonsavtalen. Tek han opp alle dei temaene du meinar er viktig? Er du samd i svara? Hvis ikkje, har du tida frå no og fram til 20. juni med å nyansera, eller lufta motførestellingar.

Det viktigaste spørsmålet
Eg saknar ein reell debatt med opplyste innlegg med både for- og motførestellingar.

Spørsmålet om Fjell, Sund og Øygarden bør verta ein ny kommune, er viktigare enn kva ein eventuell ny kommune skal heita.

Les også:
Innbyggjarinitiativ med krav om folkerøysting
– Vi bør snakka opp samarbeida våre

På nettsida varnyekommune.no kan du lesa intensjonsavtalen og dei andre offisielle dokumenta i prosessen.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s