CCB vil ha fleire ingeniørar

Fleire ingeniørar, eit styrka teknisk miljø og auka konkurransekraft. Det er kva administrerande direktør Kurt Rune Andreassen i CCB AS forventar kjem ut av Statoil si utnemning av forsyningsbasen på Ågotnes til subsea-knutepunkt.

Fem riggar til kai ved CCB samstundes er historisk i forsyningsbasen sin 40-årige historie, seier administrerande direktør Kurt Rune Andreassen.
Fem riggar til kai ved CCB samstundes er historisk i forsyningsbasen sin 40-årige historie, seier administrerande direktør Kurt Rune Andreassen.

Statoil er inne i ein omstillingsfase der dei spesialiserer aktivitetane sine på dei forskjellige basane langs kysten. Florø skal driva rørforsyning, Mongstad overtok som forsyningsbase for gods i fjor, og Ågotnes skal vera hovudbase for lagring og vedlikehald av subseautstyr, seier administrerande direktør Kurt Rune Andreassen til Tunnelsyn.no.

Ned på havbotn
– Om vi ser oljeutvinninga i eit lengre perspektiv, vil mykje av aktivitetane som i dag skjer på overflata verta flytta ned på havbotnen. Etterkvar vil heile produksjonen kunna skje under vatn, seier Andreassen.

– Det er logisk å spørja kva dette vil betyr for talet på arbeidsplassar, men det veit vi enno ikkje. Det vi veit, er at det skjer ei omstilling i retning av fleire ingeniørar og eit styrka teknisk miljø. Vi håpar det vil bidra til å gjera oss meir attraktive for andre som kan tenkja seg å verta ein del av subsea-klyngen som alt finst her ute, seier Andreassen.

Effektivisering
Som ein følgje av dei endra marknadsvilkåra har talet på arbeidsplassar i tilknyting til offshoremiljøet på Ågotnes i løpet av dei siste åra blitt redusert frå 4000 til 3000.

-Vi håpar den nye og slankare organisasjonen gjer oss meir robuste mot svingningar i marknaden, seier Andreassen.

Oppseiingsrundane håpar han er tilbakelagt, men framleis jobbar dei med å auka effektiviteten.

LEAN
– Vi ønskjer å fokusera på LEAN-prosessar. Her kjem vi til å hyra inn spesialistar som kan hjelpa oss til å verta enno betre, seier Andreassen.

– Vi ser og at effektiviteten på Mongstad må aukast, samanlikna med korleis det har vore første halve driftsåret, konstater Andreassen.

På dagtid
Auka samhandling og betre informasjonsflyt er to av stikkorda for korleis det skal skje:
– Vi må redusera fleksibiliteten, og få auka føreseibarhet i det vi driv på med. Større del av aktivitetane må skje på dagtid, i staden for på kveld, natt og helgar, seier han.

Ettermarknaden
Satsing på ettermarknaden subsea representerer ei utviding av dei vedlikehaldstenestene verksemda alt tilbyr riggmarknaden. Stadig fleire rigg-selskap har dei siste åra oppdaga Ågotnes som rette staden å få utført klassing, vedlikehald eller rett og slett å liggja i opplag. Heile fem riggar ligg for tida ved CCB. I basen sin 40-årige historie har det aldri hent at fleire riggar har vore innom basen samstundes.

Les også:
CCB styrkar satsinga på subsea

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s