Klar til å avlasta Bergen havn

CCB AS og administrerande direktør Kurt Rune Andreassen står klar til å avlasta Bergen havn så snart dei formelle politiske vedtaka er gjort.

I første omgang er det området inst i Transvågen som er aktuelle til å ta mot godsmengder frå Bergen havn, seier administrerande direktør Kurt Rune Anderassen i CCB AS. I neste omgang kan det byggjast meir enn ein kilometer kaifront på vestsida av vågen.
I første omgang er det området inst i Transvågen som er aktuelt til å avlasta Bergen havn. I neste omgang kan det byggjast meir enn ein kilometer kaifront langsmed det utsprengte området vestsida av vågen, seier administrerande direktør Kurt Rune Andreassen i CCB AS.

Tilbodet om å nytta eksisterande infrastruktur og kaianlegg vog tungt då formannskapet i Fjell nyleg tilrådde at ein framtidig havneterminal for Bergens-området bør leggjast til Ågotnes.

Eksisterande anlegg
Det eksisterande RoRo-anlegget inst i Tranevågen har kapasitet til å ta mot auka godsmengder. Når det vert for lite, kan det utsprengte og planerte området på nedsida av Industrivegen opprustast med meir enn ein kilometer kaifront til ein forhaldsvis rimeleg kostnad, seier Andreassen til Tunnelsyn.no.

-Ein havneterminal kan bidra til å halda eit stabilt aktivitetsnivå her på CCB sjølv om oljeprisen varierer og omfanget av offshoreretta aktivitetane svingar, seier Andreassen.

Kollsnes før Vindeneskvarven
Ei framtidig utviding av landanlegget utover det, vil kunna skje på Kollsnes der det er god kapasitet til utviding, seier Andreassen.

Å ta i bruk det kontroversielle området Vindeneskvarven, der det mellom anna finst fleire freda buplassar frå jernalderen, er eit alternativ som eventuelt vil liggja langt fram i tid, ifølgje Andreassen.

Delt løysing
Det var sist veke at formannskapet i Fjell drøfta Jernbaneverket si innstilling til nytt logistikknutepunkt i Bergensområdet. Fjell kommune valde å gå for ei delt løysing der havn- og jernbaneterminal vert lokalisert på ulike stadar.

Kostnadsreduserande
Det er mange gode argument for å prioritera Ågotnes/CCB framfor Sletten/Hjellestad, meinar politikarane i formannskapet.

– Utgreiinga som er gjort legg i for liten grad vekt på dei store investeringane som alt er gjort på CCB-basen og som vil vera viktige og kostnadsreduserande om ein skal byggja ny godshavn i Bergensregionen, hevdar politikarane i Fjell i høyringsinnspelet til Jernbaneverket.

Heftige protestar
Vert havneterminalen lagt på Hjellestad, må heile anlegget byggjast frå grunnen av i det som i dag er urørt natur. Det vil verta svært kostbart. I tillegg har plasseringa blitt møtt med heftige protestar frå både naboar og miljøverninteresser.

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s