Må be kommunestyret om tillating til å følgja lova

Bør det leggjast betre til rette for å driva landbruk i Fjell? Landbruksnemnda oppfordrar kommunen om å handheva jordlova og konsesjonslova.

Sauen spelar hovudrolla i jordbruket i Fjell.
Sauen spelar hovudrolla i jordbruket i Fjell.

Landbruket i vekstkommunen Fjell kjempar mot ”utviklinga”. Bustadbygging og næringsutvikling vinn dei fleste kampane om areala – også når det gjeld dyrka mark.

No oppfordrar landbruksnemnda kommunen til å praktisera jordlova og konsesjonslova.

Ubrukte verktøy
– Jordlova og konsesjonslova er dei verktøya vi har for å verna landbruksareal. I Fjell nyttar vi dei ikkje, konstaterte rådgjevar Hanna Gjesdal i innleiinga si.

I Formannskapet sist veke skulle dei drøfta prinsipp. Skal kommunen byrja å handheva lovverket, må politikarane gje tilslutning til det, krev rådmann Steinar Nesse.

Økologiske småskalaprodusentar
Interessa for å driva jordbruk i Fjell har sunke mykje i åra etter krigen. Siste åra verkar talet på bruk med produksjonstilskot å ha stabilisert seg kring 40. Samstundes kjem det til stadig fleire småskala produsentar som driv økologisk utan offentleg støtte, ifølgje Gjesdal.

Tre funksjonar
Landbruket i Fjell har tre bein å stå på: Matproduksjon, hovudsakleg av sauekjøt. Sauen er og ein viktig hjelpesmann når bøndene skal halda kulturlandskapet i hevd.

Einskilde gardsbruk har funne ein nisje som tilbydar av velferdsorienterte tenester for svakarestilte grupper. Gjennom ”Inn på tunet” kan skuletrøytte ungdomar, psykisk tilbakeståande og personar med rusproblem koma og vera til nytte og finna ro saman med dyra.

Omsynssone?
Fjell manglar ein vedteken landbruksplan. I den nye arealplanen er området frå Fjell til Ulveseth sett av som omsynssone for landbruk. Landbruksnemnda tek til orde for at det bør vera mogeleg å driva landbruk også andre stadar i kommunen.

-Kva heimlar gjev statusen som omsynssone planleggjarane utover den eit LNF-område gjev, spurte Olav Kobbeltveit (V).

Feil verktøy
Venstrerepresentanten levna landbruket liten sjanse i Fjell.

– Norge er eit av dei landa i verda som er minst eigna til landbruk. Fjell, Sund og Øygarden er tre av dei kommunane i Norge som er minst eigne til å driva landbruk i. Av dei 40 som får produksjonstilskot er det nokre få som driv lønsamt. Dei fleste driv av idealisme. Landbruk i Norge er ei mangearta næring som det er morosamt å ha. Vi må ta vare på dei bøndene vi har, men det er ikkje noko næring å satsa på. Vi må hindra ei nedbrygging av dyrka mark, men ei strengare handheving av jordlova og konsesjonslova er ikkje rette verktøya, hevda Kobbeltveit.

Inngrep i eigedomsretten
Tom Georg Indrevik (H) meinte det er viktig å ta vare på kulturlandskapet. Han er likevel ikkje nokon tilhengjar av ei strengare praktisering av jordlova. Det er eit tiltak som vil gjera sterkare inngrep i den private eigedomsretten.

Vanskeleg sak
Oddbjørn Skogestad (KrF) gav uttrykk for at det er vanskeleg å trekkja bastante konklusjonar. Sjølv om matproduksjon truleg ikkje er noko stor næring i Fjell, er det likevel viktig å ta vare på dei areala som vart nytte til føremålet, og å ta vare på kulturlandskapet. Omsynet til privat eigarskap bør ikkje ha forkjørsrett i alle situasjonar.

– Eg synes det er underleg å lesa i saka at vi har ei jordlov, men at Fjell ikkje har teke ho i bruk, sa Skogestad.

I strid med lova
– Du kan nekta ein bonde å selja jorda si, men du kan ikkje tvinga han til å driva ho, repliserte Kobbeltveit.

Store område i utmarka på Sotra vert i dag eigd av private aksjeselskap, som del av førebuinga til ei framtidig utbygging. Overdragingane kan vera i strid med konsesjonslova, som krev at eigaren av større landbruksareal også skal bu og driva garden.

I bondens interesse
– Jordlova tilseier at jordeigedomar skal seljast til låg pris for at inntekter frå framtidig drift skal kunna dekka rentene av kjøpet. Eg kan ikkje sjå for meg at vi skal nekta ein grunneigar å selja ein eigedom fordi prisen er for høg, utdjupa venstrepresentanten.

– Berre tre prosent av arealet i Norge er dyrka mark. Om vi ser i krystallkula, 100 år fram i tid, trur eg det vil vera stor glede over at vi tok vare på desse areala. Folk ønskjer kortreist mat som vi veit korleis er produsert og kva inneheld, innvendte Hilde Sandal (A).

Treng modning
Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy såg at saka treng modning, og fekk gjennomslag for forslaget om at saka vil koma opp att på neste møte, med innstilling.

Saka skal deretter vidare til kommunestyret for endeleg avgjerd.

Advertisements

2 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s