22 – 1 mot folkerøysting

Aud Karin Oen (SV) kjempa ein einsam men forgjeves kamp for at innbyggjarane i Øygarden skulle få lov til å seia ”ja” eller ”nei” til kommunesamanslåing i ei folkerøysting.

Aud Karin Oen kjempa innbitt for at Øygardsstrilen skulle få seia meininga si om ei kommunesamanslåing i ei folkerøysting.
Aud Karin Oen kjempa innbitt for at Øygardsstrilen skulle få seia meininga si om ei kommunesamanslåing i ei folkerøysting.

Oen hadde sikra nok underskrifter til at kommunestyret i Øygarden måtte behandla innbyggjarinitiativet om folkerøysting. Under dagens ekstraordiære kommunestyremøte var innbyggjarinitiativet ein av to saker på dagsorden.

– Vi tek innbyggjarinitiativet opp no, slik at vi har tid til å planleggja ei folkerøysting, i tilfelle det vert fleirtal for forslaget, innleia ordførar Børge Haugetun (TVØ).

Forhaldt seg rolege
Oen gjekk i skytteltrafikk til og frå talarstolen. For Oen er ei folkerøysting i slike viktige saker ein sjølvsagt ting.

Mot seg på talarlista, om det går an å seia det slik, hadde ho samtlege av dei fem folkevalde som hadde vore med på å forhandla fram intensjonsavtalen om kommune-samanslåing. Dei øvrige kommunestyrerepresentantane forhaldt seg rolege.

Lova, kva då?
Påstandar og nektingar om kven som hadde lova kva før valet var det som innleia debatten. Oen skulda både TVØ og Arbeidarpartiet for å ha brote lovnadane til veljarane før valet om at innbyggjarane skulle få seia meininga si om ei kommunesamanslåing i ei folkerøysting.

Espen Harkestad (A) nekta for at folkerøysting stod på valprogrammet til Arbeidarpartiet, men at ein kanhende kunne forstå det slik ut frå nokre setningar i media si ”Kan du love”, undersøking.

Fylkesmannen kjører prosessen
Når TVØ har endra syn på folkerøysting om kommune-samanslåing, er det avdi fylkesmannen i Hordaland i januar i år gjekk ut og endra prosessen i forhald til korleis TVØ hadde tenkt seg det i fjor haust, sa ordførar Børge Haugetun (TVØ).

Før valet hadde TVØ sett for seg at innbyggjarane i Øygarden skulle seia meininga si før kommunestyre-behandlinga 20. juni, og at ein deretter skulle setja seg til forhandlingsbordet. No skjer altså hendingane i ei anna rekkefølgje: Kommunestyret skal ta stilling til ein intensjonsavtale som er ferdig framforhandla, sa Haugetun.

400 – 600 deltakarar

Børge Haugetun
Telefonintervju med 400 – 600 Øygardsstrilar og sundsokningar vil gje eit representativt bilete av korleis innbyggjarane ser på ei kommunesamanslåing, hevdar ordførar Børge Haugetun i Øygarden.

Spørsmålet om korleis ein skal involvera innbyggjarane vart grundig behandla i forhandlingane som førte fram til intensjonsavtalen, hevda Haugetun.

– Ei innbyggjarundersøking med 400 – 600 deltakarar frå Øygarden og Sund ville gje eit statistisk signifikant resultat. Er det folkemeiningar der ute, vil vi fange dei opp, hevda Haugetun.

Kommunikasjonsplanen som ligg ved intensjonsavtalen føreset også ei breiast mogeleg involvering av innbyggjarane, med eiga nettside, folkemøte og anledning til å sei meiningar og svara på spørsmål, utdjupa Haugetun.

Kommunelova
– Vi vil følja krava i Kommunelova. Der vert det ikkje kravd at ein skal halda ei folkerøysting, men at ein skal ta innbyggjarane med på råd, og det vil vi, sa Haugetun før han la fram eit felles forslag frå TVØ, KrF, FrP, A og H om at kommunestyret i Øygarden skal kjøra ein parallell prosess saman med Fjell og Sund i samsvar med komunikasjonsplanen.

– Kommunikasjonsplanen legg opp til ein god måte å kommunisera med innbyggjarane på, hevda Atle Dåvøy (KrF) som støtta fellesframlegget.

Ikkje interessert
– Er det fylkesmannen som skal bestemma i Øygarden, spurte Aud Karin Oen. Kan fylkesmannen koma hit og diktera at vi skal køyra ein felles prosess med Fjell og Sund?

SV-representanten viste til referat i Vestnytt der Haugetun vart sitert på at ”spør ein folk, så veit ein svaret”.

– Eg registrerer at kommunestyret ikkje er interessert i å høyra kva folk meinar, ressonerte Oen.

Fleirtal på Stortinget
– Det er lett å gløyma at sjølv om det er kommunal-minister Jan Tore Sanner som frontar kommune-samanslåinga, er det eit bredt fleirtal på Stortinget for ei kommunereform. SV har valt å setja seg på sidelinja. Dei kjører denne saka for å koma over sperregrensa, hevda Andreas Kallekleiv (H).

– SV er ikkje prinsipielt mot kommunereforma. Vi er heller ikkje mot at kommunar slår seg saman. Men vi er for demokrati. Ei folkerøysting er einaste måten å sikra at alle vert høyrt. Ei folkerøysting er ikkje å setja seg på sidelinja, svara Oen.

Silvia Haugland (TVØ) meinte at kommunikasjonsplanen legg opp til å sikra kommunepolitikarane eit breidt grunnlag og relevant informasjon for å ta ei avgjerd for eller mot intensjonsavtalen når den kjem opp til behandling i juni.

Ja takk, begge delar
– Det finst ikkje noko breiare grunnlag enn å spørja alle. Det finst ikkje berre eit alternativ. Vi kan gjera begge delar, svara Oen.

– 0-alternativet er heller ikkje utgreidd, Vi har ikkje fått vita kva det vil innebera å stå aleine, la SV-representanten til.

Vår eigen plan
– Arbeidarpartiet hadde diskutert folkerøysting internt i gruppa før vi byrja arbeidet med intensjonsavtalen. Vi har diskutert det på årsmøtet. Vi skal byggja framtida til ungane våre. Då er det ikkje så einkelt som at vi er for eller mot. Arbeiderpartiet har laga vår eigen plan for korleis vi skal spørja folk. Ein plan for korleis Øygards-strilen skal verta høyrt. Engasjementet er stort, og vi håpar det vil vara heilt til juni, sa Harkestad.

Kallekleiv skjøna ikkje kvifor SV kjørte så hardt på folkerøysting om kommunesamanslåing når dei ikkje er for det i bompengespørsmålet. Bompengane grip jo like mykje inn i folk sin kvardag.

– Høgre vil gjerne høyra kva innbyggjarane meinar, men det kan vi få vita gjennom ei innbyggjarundersøking, sa Kallekleiv.

150 millionar i potten
– Øygarden legg 150 millionar i eigedomsskatt i potten. Det har ikkje Fjell og Sund så mykje mot. Her gjev vi vekk 90 prosent av inntektene frå eigedomsskatten vår. Robusthet er eit mykje nytta argument for kommunereforma. Fjell er stor, men har stort sett gått med underskot, unnateke siste åra. Bergen er stor og robust, men har likevel gått med kjempeunderskot. Vesle Øygarden har gått med overskot heile tida, sa Oen.

Overføringar frå Regjeringa
– Kva hadde Øygarden vore utan eigedomsskatten? Vi er heilt avhengig av kommunereforma. Sjå på tenestenivået. Eg trur vi kan henta store gevinstar der, framfor å stå aleine, men den diskusjonen vil eg spara til 20. juni, sa Kallekleiv.

– Det er ikkje storleiken på kommune som avgjer, men storleiken på overføringane frå den til eikvar tid sitjande regjeringa, svara Oen.

Kommunestyret aleine
– Dette er ein debatt om korleis involvera innbyggjarane. Ikkje om vi skal involvera dei. I ”Kan du love” var vi tydelege på at vi skal høyra innbyggjarane. Om vi gjer det gjennom ei folkerøysting, eller på den måten fleirtalet her legg opp til, vil innspela uansett berre vera rådgjevande. Kor stor vekt kommunestyret vil leggja på råda, vert opp til oss, sa Haugetun og viste til EU-røystingane, brennevinsrøystinga i 1927 og uavhengighetsavstemminga i 1905.

– Politikarane har alltid følgt råda, men det er kommune-styret aleine som fattar vedtaket, sa Haugetun.

– Dette skal vi jobba med heilt til 20. juni, og det vert ein lang prosess, lova Haugetun som forsikra at TVØ enno ikkje har landa på kva dei vil stemma for 20. Juni.

22 mot 1
Under røystinga i kommunestyret 15. mars reiste 22 av dei 23 folkevalde seg for fellesframlegget frå TVØ, KrF, FrP, A og H. Aud Karin Oen aleine vart sitjande.

– No har SV gjort det vi har lova veljarane våre, sa ein roleg og fatta SV-representant etter møtet.

Politikarforakt
– Eg er redd dette vil føra til politikarforakt. Her seier politikarane ein ting før valet, berre for å seia noko anna ein månad seinare. Eg synes det er leit at innbyggjarane i Øygarden ikkje får tiltru til å seia kva dei meinar, oppsummerte Oen.

Les også:
Innbyggjarinitiativ med krav om folkerøysting

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s