Fylkeskonservatoren får siste ordet om Borgstovo

Opplysningsvesenets fond har fått løyve til å riva Borgstovo på Fjell prestegard. Løyvet kan vera gjeve på feil grunnlag.

Borgstovo på Fjell prestegard sett frå vest.
Borgstovo på Fjell prestegard sett frå vest. Ein inspeksjon i fjor haust avslørte av bygget var i verre stand enn eigaren, Opplysnignsvesenets fond, hadde føresett.

Det er byggesaksavdelinga i Fjell kommune som har gjeve løyve til å riva den historiske bygningen. Avdelingsleiar Bjørn Erik Kristiansen bekreftar at Opplysningsvesenets fond (OVF) har fått tillating til å riva Borgstovo.

– Tillatinga er gjeven med forbehald om ein uttale frå fylkeskonservatoren i Hordaland, seier Kristiansen til Tunnelsyn.no.

Vekkjer sterke kjensler
Borgstovo er eit bygg som vekkjer sterke kjensler hos mange i Fjell. Fjell kulturminnelag og Eldrerådet i Fjell er mellom dei som har engasjert seg for å bevara bygget. Det har mellom anna vore diskutert å flytta Borgstovo til Gjerdet kulturminnegard.

Feil grunnlag?
Byggesaksavdelinga gav rivingsløyvet på grunnlag av at Borgstova i kartet er merka som grått – altså eit bygg som er fjerna, eller som skal rivast.

– Løyvet kan vera gjeve på feil grunnlag. No må vi sjekka status mellom anna mot SEFRAK-registeret, seier Kristiansen.

Stasbygg
Det svungne mønet vitnar om at Brogstovo ein gong var eit stasbygg. Etter det ein veit, vart huset reist i 1870, med materialar frå to tidlegare drengestover.

Borgstovo utgjer ein del av tunet på prestegarden. Bygget tente lenge som bustad for tenestefolka. Etter at telegrafstyraren på Fjell flytta ut ein gong på 1960-talet, har huset stått til nedfalls.

Andre gong?
Dette er andre gong på kort tid at Fjell risikerer å mista eit bygg som utgjer ein viktig del av historien vår. Direktørbustaden i Knarrevik vart riven utan løyve i fjor vår.

Noko av forklaringa finn vi i manglande kartlegging. Fjell manglar ein kulturminneplan som kan seia noko om den historiske verdien til eit bygg, og fastslå kva bygg som er verneverdig. Ein slik plan er under utarbeiding, og kan verta ferdig i løpet av året.

Får ikkje sleppa så billig!
– Opplysningsvesenets fond skal ikkje få sleppa så billig, seier ein opprørt John Kjell Fjeld i Eldredrådet i Fjell, som har vore ein av dei som har engasjert seg for å bevara Borgstova.

I påvente av ei avklaring hos fylkeskonservatoren er OVF pålagt å sikra bygget med gjerde, fortel Kristiansen.

Les også:
Kulturminnelaget vil berga Borgstovo
Vil riva Borgstovo
Inspiserte Borgstovo
-Får ikkje stå til skamme
Det hastar med å reparera Borgstovo

 

 

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s