Investerer 100.000 per hovud

Øygarden kommune med 4850 innbyggjarar planlegg å investera nærare 100.000 kroner per hovud dei komande fire åra.

Eigedomsskatten på verk og bruk sikrar Øygarden ein økonomisk handlefridom dei fleste kommunar berre kan misunna dei. Skatteinntektene frå oljerelatert verksemd på Kollsnes og Sture gjer det mogeleg for Øygarden å setja av 457 millionar kroner til investeringar dei komande fire åra.

Det var rådmann Siri Fahlvik Pettersen som orienterte næringslivet i kommunen om kva dei kan venta seg av aktivitetsskapande prosjekt i offentleg regi i denne valperioden.

Ei omfattande vassverkutbygging i samsvar med den vedtekne VA-planen vil aleine krevja 85,4 millionar. Hjeltefjorden Arena er eit anna prosjekt som vil visa godt att i budsjettet, ifølgje Pettersen.

Kommunale bustadar, ulike vegprosjekt, oppgradering av skule og idrettsanlegg er andre tiltak som fortenar kommunale investeringskroner.

År                          2016      2017       2018      2019
Investeringar      70,03     131,95     94,05      76,1
VA                          46,3        19,6     108,55       5,0

Sum                    116,33     151,55   108,55      81,0

Advertisements

2 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.