Vurderte å fjernstyra Martin Linge frå Kollsnes

Dei Statoiltilsette på Sture- og Kollsnesanlegga må vera dei mest produktive arbeidstakarane i Bergens-området. Dagleg sørgjer dei for at olje, gass og kondensat til ein samla verdi av 350 millionar kroner passerar gjennom anlegga og ut til den europeiske marknaden.

Store verdiar passerer gjennom desse røra, kvar dag.
Olje og gass for 350 millionar kroner passerer kvar dag gjennom Statoil sine anlegg på Sture og Kollsnes i Øygarden. Foto: Gassco.

Det var intens politisk lobbyverksemd på 1980-talet som sikra Øygarden to av dei viktige landanlegga for norsk olje og gass, fortalde Olav Bådsvik, Statoil sin plassjef på Sture & Kollsnesanlegga då han møtte lokalt næringsliv og politikarar i går.

Gripa mogelegheitar
– Vi som jobbar på Sture og Kollsnes har blitt samde om å gjera det vi kan for å forbetra resultata og slik sikra Sture og Kollsnes si framtid, sa Bådsvik.

Plassjef Olav Bådsvig er oppteken av å sjå nye mulighetar for å forbetra produksjonen. Fjernstyring av Martin LInge frå Kollsnes er eit av forslaga.
Plassjef Olav Bådsvig er oppteken av å sjå nye mulighetar for å forbetra produksjonen. Fjernstyring av Martin LInge frå Kollsnes er eit av forslaga.

Å oppdaga – og freista gripa – nye mogelegheiter til gjera produksjon meir kostnadseffektiv, er eit heitt tema i desse tider. Då dei nyleg planla å leggja landstraum til Grane-feltet, oppdaga dei mogelegheiten for å kombinera kraftkabelen med ein kommunikasjonsløysing slik at det kunne verta mogeleg å fjernstyra Martin Linge frå Kollsnes. Diverre var planlegginga av Martin Linge feltet komen for langt til at det lot seg gjera, konstaterer Bådsvik.

Anlegga gjev for tida fast arbeid til 340, forutan 250 innleigde.

Nye felt til Sture
Stureterminalen tek mot råolje og kondensat frå Oseberg- og Granefelta i Nordsjøen via røyrleidningar. Frå Sture vert oljeprodukta sendt vidare ut i verda med skip.

Ilandføringsterminalen arbeider aktivt for å sikra tilførsel frå nye felt ettersom produksjonen minskar på dei noverande. Nye avtaler sikrar Sture-anlegget råolje frå Edvard Grieg og Ivar Åsen, når felta vert sett i produksjon, sa Bådsvik.

I dag produserer Stureanlegget 300.000 fat i døgnet, til ein verdi av kring 100 millionar kroner.

Plassjefen ergrar seg over å ha mista råolja frå gigantfeltet Johan Sverdrup til Mongstad.

Framleis vekst
Førebels ser det ut til at produksjonen på Sture vil auka ytterlegare to – tre år fram i tid, før han gradvis vil verta redusert fram mot 2040.

– Vi kan ikkje lova nokon god vår, men vi prøver å skapa ein lang haust, sa Bådsvik og viste fram Statoil sine offisielle produksjonskurvar.

Gass til Europa
Prosessanlegget på Kollsnes tek mot og behandlar gass frå Troll, Kvitebjørn og Visund, før gassen vert sendt vidare i røyr til kundar i Europa. 143 millionar kubikkmeter gass – tilsvarande 250 millionar kroner – åtte prosent av all gassen som vert brukt i Europa, vert produsert her, ifølgje Bådsvik.

Prosessanlegget konkurrerer med Kårstø og Nyhavna om å få ta mot gass frå nye felt som vert sett i produksjon i den sørvestlege delen av Nordsjøen.

Energikrevjande
Sture og Kollsnesanlegga produserer seks gongar så mykje energi som den samla norske vasskraftproduksjonen. I prosessen går det med over to terawattimar med elektrisk kraft. Statoil sine anlegg i Øygarden tek unna 20 prosent av BKK sin kraftproduksjon og er kraftprodusenten sin største kunde, sa Bådsvik.

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s