Høgast arbeidsløyse i Sund

Arbeidsløysa held fram med å stiga i tre av dei fire kommunane i region vest i mars.
nav_pos_logo_RGBDen prosentvis høgaste arbeidsløysa finn vi no i Sund. 162 heilt ledige tilsvarar ei arbeidsløyse på 4,6 prosent, framkjem det av den månadsvise statistikken frå NAV som vart offentleg i dag.

Samanlikna med same tid i fjor, er det no 68 fleire heilt ledige i kommunen sønst på Sotra.

Askøy
Lågaste arbeidsløysa finn vi i Askøy. 481 personar utan arbeid tilsvarar 3,3 prosent av arbeidsstokken.

Sidan mars i fjor har talet på ledige i den grøne kommunen auka med 145 personar.

Øygarden
I Øygarden har utviklinga gått rett veg siste månadane. Etter å ha hatt heile 5,6 prosent av arbeidstakarane utan jobb i januar, utgjer arbeidsløysa no 4,5 prosent.

Samanlikna med fjoråret, har talet på heilt ledige i Øygarden auka med 45 personar.

Fjell
Flest ledige finn vi i Fjell. 566 personar utan arbeid tilsvarar ei arbeidsløyse på 4,3 prosent. Heile 192 fleire fjellsokningar står no utan arbeid i enn i mars 2015.

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.