– Gard skal det bli!

Gisle Fjæreide (34) driv med sauer og kjøtproduksjon på siste garden på Valen. Han ønskjer å vera ein del av framtida til landbruket i Fjell. Omlegginga av golfbanen på Kolltveit kan velta planane.

- Det vesle vi har att av dyrka jord bør vi ta vare på, seier Gisle Fjæreide, sauebonde og nestleiar i Sotra sau og geit.
– Det vesle vi har att av dyrka jord i Fjell bør vi ta vare på, seier Gisle Fjæreide, sauebonde og nestleiar i Sotra sau og geit.

Ein grøn flekk innimellom velstelte einebustadar. Ein stor raudmåla driftsbygning. Inne gomsar 60 nyklipte, drektige søyer og to verar grådig av siloforet.

Gisle Fjæreide er ein vestlandsbonde mot alle odds. Ein av dei tidlegare landbruksminister Sylvia Listhaug helst såg avvikla matproduksjonen.

Kjøtproduksjon
Eit og anna svart fjes, innimellom alle dei kvite. Flokken består av sjeviot og spelsau, avla fram med tanke på kjøtproduksjon.

Sjeviot er ein sauerase som er kjent for god kjøtproduksjon.
Sjeviot er ein sauerase som er kjent for god kjøtproduksjon.

-I fjor hadde lamma ei slaktevekt på over 20 kilo, to kilo over snittet i Hordaland, smiler ein nøgd bonde som også er nestleiar i Sotra sau og geit.

Samanlikna med villsau og andre utegangarar, gjev desse sauerasane dobbelt så mykje kjøt per slaktedyr. Men så krev då også sjeviot og spelsau ganske andre vilkår enn dei nøysame lyng- og brakjeetarane.

Håpar å overta
Fjæreide går i fotefara til far og farfar. Etterkvart var det han som viste største interessa for halda fram med sauehaldet. Førebels berre driv han garden. Håpet til minsteguten er å få overta. Alternativet er å selja jorda som byggjeland.

Driftsbygningen var det farfar som bygde, i 1968. Tungvindt drift inneber at sonesonen vurderer å byggja nytt, i fall han får overta. Ein ny driftsbygning vil kosta ein stad mellom 1,5 og 2 millionar kroner – føresett at han gjer heile jobben sjølv.

– Det er klart du tenkjer deg om både ein og to gongar før du gjer ei slik investering, særleg når du er avhengig av leigejord, seier Fjæreide.

Leiger beite

Mange hinder til trass, Gisle Fjæreide har tru på at han skal få oppfyllt draumen om å sitja som bonde på eigen, drivverdig gard - aller helst på Sotra.
Mange hinder til trass, Gisle Fjæreide har tru på at han skal få oppfyllt draumen om å sitja som bonde på eigen, drivverdig gard – aller helst på Sotra.

60 vinterfora sau vert fort 160 når lemminga er overstått om ein månads tid. Skal han ha sauehaldet som heiltidsyrke, bør flokken aukast til 200 vinterfora dyr – minst.

Det skal beite til slikt – og slåttemark. Heimajorda på Valen er ikkje stor nok til å halda flokken med beite og for.

For å sikra beite og slåtteeng har Fjæreide sikra avtalar med grunneigarar i andre bygder i Fjell om å drifta jorda deira. Når 1. mai nærmar seg, tek han flokken på tilhengjaren til ”ferie” på grønkande beiteland krinom i kommunen. Tre leigde teigar må til for å sikra foret til heile flokken. Ved jonsoktider går reisa vidare til Kvitingen der sauene skal feitast opp i dei grøne grasgangane i Samnangerfjella.

Medan sauene går i Kvitingen, slår Gisle Fjæreide markane på Sotra, og legg graset i silo. Om sauene er på beite, er månadane frå påske til uti september travle tider for sauebøndene.

Interessekonflikt med golfbanen
– Det er tungvindt å måtta drifta så mange teigar. Dessutan er framtida usikker, beklagar Fjæreide.

Helst hadde han sett at han hadde fått kjøpt tilleggsjord – eller aller helst ein gard – i kommunen. Det å eiga gjev større tryggleik for framtida enn å leiga.

Spørsmålet om tilleggsjord er meir prekært denne våren enn nokon gong. Om politikarane velsignar planane om erstatningsjord for golfbanen på Kolltveit, ryk sommarbeitet han leiger i Stemmebakken.

Sikra til matproduksjon
– Det vesle vi har att av dyrka jord i Fjell bør vi sikra til framtidig matproduksjon, seier nestleiaren i Sotra sau og geit.

Å få kjøpe eller leiga dyrka jord veit Gisle Fjæreide av erfaring ikkje er einkelt, verken i Fjell eller andre stadar i Hordaland. Han vel likevel å vera optimist:

– Gard vert det, smiler han.

Advertisements

2 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.