Kortreist matmarknad

Den kortreiste matmarknaden på Fjell palmelaurdag gav meirsmak for initiativtakarane.

Den kortreiste matmarknaden på Fjell palmelaurdag gav meirsmak for initiativtakarane Bjarte Tennfjord, Kristoffer Lie og Kirsti Johanne Back.
Den kortreiste matmarknaden på Fjell palmelaurdag gav meirsmak for initiativtakarane (fv) Bjarte Tennfjord, Kristoffer Lie og Kirsti Johanne Back.

Det var Kirsti Johanne Back i Urtemakeriet som drog det heile i gang, saman med mellom anna Kristoffer Lie og Svein Lillebø i Strilalam og honningprodusenten Bjarte Tennfjord.

For å supplera vareutvalet av kortreiste matvarer hadde dei i tillegg invitert Fiske-spesialisten til å parkera fiskebilen på plassen framfor kyrkja.

-Betre enn på Sartor
Ein jamn straum av kundar lot seg freista til å stoppa opp og kikka på matvarene, prata med produsentane, få ein smaksprøve og handla.

Dei lokale matprodusentane på Sotra legg vekt på på vera synlege i marknaden.
Dei lokale matprodusentane på Sotra legg vekt på på vera synlege.

Strilalam sel produkta sine på Bondens marknad i Bergen, og på andre lokale marknadsplassar, og har erfart kvar det lønar seg å vera tilstade.

– Salet går betre her enn på Sartor, hevda Lie som var godt nøgd med å vera godt synleg i gatebiletet i heimbygda framfor å drukna i mengda.

Populære lammelår
Etter dagens 2-sides gratisreklame i BT fekk dei prisvinnande lammelåra til Strilalam bokstaveleg talt bein å gå på.

– Vi har alt henta ny forsyning, sa Lie etter berre ein times handel. Han smilte om kapp med kompanjong Svein Lillebø som hadde fullt opp å gjera med å dela ut gratis smaksprøvar på den heimelaga fårepølsa.

Freistar til reprise
Dette var første, men langt frå siste gongen dei lokale matprodusentane steller i stand marknad på Fjell, skal vi tru initiativtakarane.

Produktutvikling
Ideane ynglar om korleis den kortreiste matmarknaden på Fjell kan utviklast vidare. I Strilalam diskuterer dei nye produkt. Nye leverandørar som kan supplera vareutvalet og bidra til å trekkja enno fleire kundar er også hjarteleg velkomne, helsar ein travel Back som i dag var både inne og ute.

Butikk og kafe inne og salsbod ute. Marknadsdagen var spesielt travel for Kirsti Johanne Back i Urtemakeriet.
Butikk og kafe inne og salsbod ute. Marknadsdagen var spesielt travel for Kirsti Johanne Back i Urtemakeriet.
Advertisements

2 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.