Aktuell påskekrim

Påskekrim er visstnok eit særnorsk fenomen. Vi elskar å grøssa oss gjennom det stille veka. Her kjem tre aktuelle anbefalingar.

politi m bilFenomenet påskekrim skuldast, ifølgje Wikipedia, den svært vellukka reklamekampanjen for ”Bergenstoget plyndret i natt, av Nordahl Grieg og Nils Lie.

Annonsa på framsida av Aftenposten såg til forveksling ut som ei ekte nyhet. Avisredaksjonen vart difor nedringt av fortvila pårørande til passasjerane på toget.

På grensa til realisme
Ranet i kriminalromanen fann stad natt til 1. april, og marknadsføringa hadde fellestrekk med ein vellukka aprilspøk.

”Bergenstoget plyndret i natt” kom ut på 1930-talet. Eit fellestrekk for god krim, uansett året han vert utgjeven, er at han grip fatt i og levandegjer aktuelle trendar i samtida. Når vi har vanskar med å leggja frå oss ein god kriminalroman, er det avdi forteljinga er på grensa til realisme.

Barn
Overraskande mykje av dagens krim involverer barn, som offer eller som vitne. Krimforfattarane synes å ha oppdaga kor sårbare og utsette ungar i asylmottak er lenge før barnevern og politi tok problema på alvor.

Når vi lar oss engasjera, er det avdi born er symbol på uskuld. Inst inne håpar vi at dette vil enda bra, eller i det minste at forbrytaren må få den straffa han fortenar.

Bare et barn
I ”Bare et barn” tek den tidlegare politikvinna Hanne Kristin Rohde fatt i temaet barn som forsvinn frå asylmottak.

To gutar av afrikansk opphav vert funne døde i Oslo. Politiet mistenkjer drap, og kallar inn til pressekonferanse. Under pressekonferansen vert det fyrt av skot, og ein politiadvokat og ein kvinneleg journalist vert drepne.

Ei av dei mest leste ebøken i Øygarden.

Djevelene barn
Det bergenske krimparet Chris Tvedt og Elisabeth Gulbrandsen spinn forteljinga ”Djevelens barn” rundt ein 13 år gammal asylsøkjar som vert vekke frå asylmottaket.

Kripos-etterforskar Edvard Matre har så vidt unngått å få sparken for å ha blanda etterforsking og privatliv, og er degradert til å etterforska nettopp forsvunne asylborn. Etterkvart forstår han at mykje er veldig, veldig galt.

Den stumme jenta
Eit barn spelar også ei av hovudrollene i det svenske radarparet Hjort & Rosenfeldt sin roman om ”Den stumme jenta”.

Påskemorgon vert to små gutar og foreldra deira brutalt skotne i sin eigen heim. Kusina til gutane vart tilfeldigvis vitne til hendinga. Ho rømer frå drapsmannen, og så byrjar ei intens kapplaup om kven som kan finna henne først, drapsmannen eller politimannen Sebastian Bergman og hans kolleger.

Historien er bygd opp som ein psykologisk triller, med mange lag. Den uventa slutten er høg-aktuell i utbyggings-kommunen Fjell.

God lesning!

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.