Fenrisulven på Bildøy

Den norrøne gudesoga vil ha det til at når Fenrisulven kjem laus, byrjar Ragnarok. Enn så lenge vaktar det bundne uhyret Sotra vidaregåande.

fenrisulven m kjeftenBronsestatuen ”Fenrisulven vil bryta seg laus” er laga av bilethoggaren Arne Johan Vinje Gunnerud (1930 – 2007), framkjem det av den trykksverteferske katalogen over kunstsamlinga til Hordaland fylkeskommune.

Eit uhyre
Fenrisulven er ein skapnad frå den norrøne gudesoga. Son av Loke, og bror til Midgardsormen og dødsgudinna Hel. Som kvalp tok Odin han med til gudeheimen Åsgard. Ettersom han vaks til forstod gudane at dei måtte passa seg for han, og at han ikkje kunne gå fritt omkring.

Bunde av det som ikkje lenger finst
Ingen vanlege lekkjer var sterke nok til å binda Fenrisulven. Til sist fekk dei alvane til å smi ei lekkje av seks ting som ingen lenger kan finna: fisken sin pust, kvinneskjegg, fuglane sitt sputt, fjella sine røter, lyden av katteføter og bjørnane sine sener.

Lekkja Gleipne var tynn og mjuk som eit silkesnøre, men sterkare enn alle andre lekkjer.

Ragnarok
Fenrisulven var ikkje lett å lura, så då dei ville festa lekkja på han, måtte guden Ty halda handa i munnen hans. Gleipne haldt, og Ty mista høgre handa.

Basta og bunden er Fenrisulven dømt til å stå til verdas ende. Den dagen han klara å slita seg laus, startar Ragnarok.

Gunnerud
Fleire av bronseskulpturane til Arne Gunnerud er kjøpte inn av fylkeskommunen. På Askøy vidaregåande har dei ein båt, og på Kvinnherad vidaregåande kan vi sjå ”Seglande havfrue med flagg og vimplar.”

Inngår i byggekostnaden
Alle fylkeskommunale nybygg og ombyggingar skal i dag smykkast med kunst til ein verdi tilsvarande 1,2 prosent av totalkostnaden.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s