Då fjorden var Riksveg 1

Revolusjonerande teknologi, kombinert med eit totalt fråvær av offentleg regulering, gjorde at risikovillige reiarar kring 1900 konkurrerte om båtpassasjerar og frakt frå Døsjø, Ekerhovd og Ebbesvik til Bergen.

DS Fløien vart kjøpt for å utvida Topdalselskapet sitt rutenett rundt søre Litle Sotra i 1913. Foto: E. Virkesdal.
DS Fløien vart kjøpt av Topdalselskapet i 1913, mellom anna for å utvida rutenettet rundt søre Litle Sotra. Foto: E. Virkesdal.

Dampskipa fossa fram gjennom norske fjordar og sund frå 1860 og utover. I førstninga var det mange som klaga over at dampen kosta pengar samanlikna med roing og segling. Men sjølv om dei fleste Sotrastrilane hadde betre tilgang på tid enn pengar, tok det ikkje lang tid før dei oppdaga fordelen av å kunna reisa til faste rutetider, uavhengig av ver og vind.

Handelsmann Juuhl
Sjølve starten på historia skjuler seg i tåka. Handelsmann Hans Johan Juuhl på Brattholmen hadde stort behov for å få frakta varer til og frå handelsstaden. Men han var gripen av tidsånda og tenkte ut over eige behov. I 1887 kontraherte han DS ”Rolf” for å frakta passasjerar og varer mellom Brattholmen, søre Askøy og Bergen. Kor omfattande dette første rutenettet var, er usikkert. Då Juuhl døydde alt året etter, overtok Herman Fredrik Barstad frå Askøy skipet.

1900
Århundreskiftet 1899 – 1900 var også eit samferdslemessig vendepunkt for Sotrastrilen. Barstad var ein dominerande reiar som la føringar for utviklinga, med lokale båtruter på Askøy, Nordre Fjell og Litle Sotra.

Frå Brattholmen gjekk ”Rolf” rundt Litle Sotra til Ebbesvik, over sundet til Ekerhovd og vidare nordover Straumsundet til Døsjø. Kjeldene tyder på ”Rolf”, i alle fall for ei tid, også gjekk vidare sørover til Lie, Liaskjæret og Skogsvåg. Nystifta HSD overtok seinare desse stoppestadane.

Døsjø – eit knutepunkt
På Døsjø var det hektisk aktivitet, med landhandel, brevhus og meieri. Her slutta vegen frå Fjell via Bildebakken. Sjølv om visstnok ingen budde der, var staden lenge eit trafikkmessig knutepunkt mellom land og sjø.

Brevhuset gjorde Døsjø til ein attraktiv stoppestad for reiarlaget – postføringa sikra statlege inntekter. Så bra gjekk ruta at Barstad i 1895 valde å skifta DS ”Rolf” ut med den nye og større DS ”Sotra”.

Topdalselskabet
Dampskibsselskabet Topdal AS vart stifta i 1898 og var lenge Barstad sin argaste konkurrent, først og framst på søre Askøy, men frå 1911 også om passasjerane i Ebbesvik, Ekerhovd og Døsjø.

Priskrig

Dampskibselskabet Topdal AS var lenge eit dominerande reiarlag på lokalrutene i Bergensområdet. Her er rutenettet i 1930.
Dampskibselskabet Topdal AS var lenge eit dominerande reiarlag på lokalrutene i Bergensområdet. Her er rutenettet i 1930. Kjelde: E. Virkesdal.

Priskrig var ein effektivt konkurransefaktor, den gong som no. Ein 10-øring frå eller til kunne bety vera eller forsvinn for ein reiar. Då Topdalselskapet heva billettprisane i 1912, vart prisane til Brattholmen, Ebbesvik, Ekerhovd og Døsjø haldne uendra på grunn av konkurransen med Barstad sine båtar.

Men ryktet spreidde seg. Passasjerane frå andre stadar protesterte mot forskjellsbehandlinga. Topdal måtte gå tilbake til dei gamle takstane.

Eksklusiv kaileige
Krav om eksklusiv kaileige var ein annan konkurranse-faktor. I 1914 tilbaud Fjell kommune Topdalselskapet einerett til bryggja i Døsjø mot ei leige på 100 kroner året. Det var eit vilkår at selskapet ikkje heva billettprisane, og at dei haldt rutetilbodet uendra.

Så og seia på alle rutestrekningane måtte Barstad-familien konkurrera med andre aktørar. Om det var konkurransen som til sist vart utslagsgjevande er usikkert, men i 1913 gav familien til Barstad opp lokalbåtverksemda, tre år etter at grunnleggjaren sjølv døydde.

Lokale aksjonærar
I 1912 ville oppsitjarane på Lie, Bjorøy og Straume også ha lokalbåt. Ei utviding av rutenettet til Topdalselskapet ville krevja innkjøp av fleire skip. Bygdefolket løfta i flokk. Ein vesentleg del av auken i aksjekapitalen med 18.650 kroner, til 60.950 kroner, kom frå privatpersonar i bygdene på Litle Sotra. Morfaren min frå Ebbesvik var ein av dei. Han og bror hans kjøpte kvar sin aksje. Aksjar som gjekk i arv i familien i nærare 100 år.

Både Lie og Bjorøy fekk seinare båtruter. Korvidt det også var tilfelle for Straume, er usikkert. Mor mi snakka om å ta dampen til byd´n, men om dei då måtte ro til Døsjø, kan eg ikkje minnast at ho sa noko om.

Våren 1913 sette Topdalselskapet nyinnkjøpte ”Fløien” inn i ruta rundt søre Litle Sotra. Mange meinte at det var selskapet sin finaste båt. Seinare overtok mellom anna ”Kvarven”, ”Fenring” og ”Lyderhorn”.

Topdalselskapet skifta i 1943 navn til Rutelaget Bergen Vest AS, visstnok etter tysk påtrykk. Navnet måtte spegla kvar selskapet sitt geografiske område låg.

Samferdslelova
I 1948 kom samferdslelova som kravde at ikkje berre bussar, men også båtar, måtte ha konsesjon på rutene dei gjekk i. Resultatet vart ei omfattande konsolidering både i dei lokale reiarlaga og i rutebilselskapa.

Ny konkurranse

Fenring til kai ved Ekerhovd ca. 1950. Foto: E. Virkesdal.
Fenring bakkar ut frå kai ved Ekerhovd ca. 1950. Foto: E. Virkesdal.

Det ekspanderande vegnettet vart ein ny og stadig sterkare konkurrent i etterkrigsåra.

Ole Konrad Ekerhovd (80) huskar godt den tida dei tok rutebåt frå Ekerhovd til Bergen.
Ole Konrad Ekerhovd (80) huskar godt den tida dei tok rutebåt frå Ekerhovd til Bergen.

Til Døsjo, Ekerhovd og Ebbesvik haldt rutebåten fram med å gå til vegen til Liaskjæret kom ein gong på slutten av 1950-talet, fortel Ole Konrad Ekerhovd (80) frå Ekerhovd. Meieriet på Døsjø vart lagt ned i 1950, og dei siste åra hadde rutebåten endehaldplass på Ekerhovd. Til Døsjø gjekk båten då berre to ettermiddagar i veka:

– Vi ungane gjekk til Døsjø, og så fekk vi følja båten gratis tilbake til Ekerhovd, mimrar Ekerhovd.

Arbeidsrute
I etterkrigsåra vart rutebåten i stadig sterkare grad ei arbeidsrute for Sotrastrilar som jobba på fastlandet. Stoppa på Hilleren og i Alvøen understøtta pendlarane.

Mange kvinner frå Ekerhovd og Ebbesvik hadde arbeidsplassen sin ved papirfabrikken i Alvøen. Menna jobba helst på Rieber & Søn sin fabrikk for bygningsmaterialar i Hilleren, ein stad Ole Konrad Ekerhovd også var så vidt innom på slutten av 1950-talet.

Langsamt
Personleg saknar ikkje Ekerhovd rutebåten:
– Turen til Bergen tok tre timar. Farten var sju – åtte knop, og det var mange stopp undervegs. Dåtidas skip hadde ikkje sidepropellar, slik at det å leggja til kai var ein tidkrevjande operasjon, minnast han.

Stagnasjon
For Ebbesvik vart overgangen frå rutebåt til buss byrjinga på ein lang stagnasjonsperiode. Etter å teke båten ein snartur over fjorden til Hilleren og Alvøen, tok arbeidsreisa no plutselig mykje lenger tid. Eindel flytta vekk for godt. Andre valde å verta vekependlarar. Ei utvikling som vart ytterlegare forsterka då ferja frå Brattholmen til Alvøen vart lagt ned i 1971.

God djupne like utfor kaikanten gjorde den gamle dampskipsbryggja på Ebbesvik eigna til føremålet.
God djupne like utfor kaikanten gjorde den gamle dampskipsbryggja på Ebbesvik eigna til føremålet.

Kjelder:
Virkesdal, Erling: Fra dampbåt til leddbuss, Rutelaget Bergen Vest AS (1988)
Bygdesoga for Fjell (1970)
Wikepedia
www.sjøhistorie.no

Les også:
Då Sotrastrilen skreiv samferdslehistorie

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s