Fleire vil driva jordbruk i Fjell

Interessa for å driva jordbruk er aukande i Fjell. Jordbruksareal vert det derimot stadig mindre av.

Velfødde haustlam mumsar sine siste grasstrå, lukkeleg uvitande om at Strilam vert neste stopp.
Velfødde haustlam mumsar sine siste grasstrå, lukkeleg uvitande om at Strilam vert neste stopp.

Fleire fjellsokningar satsar på jordbruk og matproduksjon. Vi må heilt tilbake til 2010 for å finna fleire registrerte jordbruksverksemder i vekstkommunen enn i fjor. KOSTRA-tala for 2015 viste at det no er 43 jordbruksverksemder i kommunen. Fire fleire enn året før, tilsvarar ein auke på ti prosent.

Husdyrhald
Samtlege av verksemdene driv med husdyr, dei aller fleste med sau. Så er då også landskapet her vest som skapt for dei nøysame firbeinte. Eng til beite og siloslått er likevel avgjerande for dei som driv med sau for kjøtproduksjon.

Nydyrking
Jordbruksarealet sauene har å beita på, vert derimot stadig mindre. Vel 3.900 dekar i kommunen er registrert som dyrka eller dyrkbar jord. Det er 111 dekar mindre enn i 2010, men 27 dekar meir enn i 2014. Noko som viser at det framleis er bønder i kommunen som satsar på nydyrking.

Omdisponering
Dei siste fem åra er 170 dekar jordbruksareal jord omdisponert etter jordlova og plan og bygningslova.

Utan nydyrkarane hadde jordbruksarealet i kommunen skrumpa vesentleg meir enn statistikken viser.

Les også:
– Gard skal det bli!
Må be kommunestyret om tillating til å handheva lova
Nydyrkaren

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.