Investerer 30 millionar i fiskerihavna i Porsvika

Fiskerihavna i Porsvika er eit unikt tilbod til kystfiskarane, meinar dei i Sund kommune. I håp om at fleire kystfiskefartøy skal velja Sund som heimehavn, planlegg kommunen å investera 30 millionar i eit utvida kaianlegg.

Her sløyer Steffen Andersen Golten delar av dagens fangst på 12 tonn torsk saman med utplasseringselevane Malin Hauge Sørstrømmen og Julie Eikeland frå Fusa VGS.
Steffen Andersen Golten sløyer delar av dagens fangst på 12 tonn torsk ombord i MS Bogasund frå Glesvær, saman med utplasseringselevane Malin Hauge Sørstrømmen og Julie Eikeland frå Fusa VGS. Foto: Stein Arne Hjellestad.

– Stadig fleire fiskemottak vert lagt ned, slik at kystfiskefartøya må gå stadig lenger for å levera fangsten, seier rådmann Stig Arne Thune til Tunnelsyn.no.

I Sund satsar dei motstraums. Kommunen planlegg i år å investera 30 millionar kroner i ei utviding av den offentlege fiskerihavna i tilknyting til fiskemottaket i Porsvika.

Kort veg til marknaden
– Porsvika er eit unikt tilbod til kystfiskarane. Dette er eit landfast kaianlegg, med kort veg til marknaden i Bergen, seier Thune som har eit budsjettvedtak i ryggen til støtte for investeringa.

Mangel på offentlege kaiar
– Det er ikkje lenger nokon sjølvfølgje å ha tilgang til kaiplass. Når båtar vert selde, held seljaren gjerne unna kaiplassen. Tilgang til offentlege kaianlegg vil difor vera viktig for rekrutteringa til fiskaryrket, seier Jarle Glesnes, leiar i Øygarden og Sotra Fiskarlag.

To kystfiskefartøy ved den offentlege kaien i tilknyting til fiskemottaket i Porsvika.
To kystfiskefartøy ved den offentlege kaien i tilknyting til fiskemottaket i Porsvika.

Fiskarlaget er oppteken av kva som skjer med dei offentlege kaianlegga, ikkje berre i Sund, men kringom i regionen.

-For oss som har arbeidsplassen vår på havet er tilgang til gode, offentlege havneanlegg like viktig som gode vegar er for pendlarar, legg Glesnes til.

Førstehandsverdi på 8,2 millionar
Fiskemottaka i Sund tok i fjor mot 273,7 tonn fisk, mest sei, makrell og torsk. Den største mengda vart landa hos Tælavåg Fiskemottak AS i Porsvika. Førstehandsverdien på fangsten var 8,2 millionar kroner, i følgje Murcit Cetin i analyse- og formidlingsseksjonen i Fiskeridirektoratet.

Liggjekai
Entrepriseførespurnaden som går ut i desse dagar, ber om pris på å byggja ein liggjekai på 90 meter, kombinert med ein 80 meter lang flytekai. Kaianlegget skal kunna ta mot båtar inntil 60 – 70 fot, fortel Gerhard Inge Storebø i Sund kommune.

Heimehavn
– Ved å utvida det offentlege kaianlegget med ein liggjekai, håpar kommunen å byggja opp under fiskemottaket, og gjera Porsvika meir attraktiv for kystfiskarane, seier Storebø.

Ved liggjekaien skal kystfiskarane kunna fortøya båten mellom tokta, etter at fangsten er levert. Slik håpar kommunen at fleire reiarar vil velja Sund og Porsvika som heimehavn.

Stabilt
Sund kommune er den av kystkommunane i Bergensområdet der talet på fiskarar har halde seg mest stabilt siste 30 åra. Ifølgje Fiskeridirektoratet er det registrert 37 fiskefartøy i kommunen. 73 sundsokningar livnærer seg av fiske.

Tilskot frå Kystverket
Inkludert i summen på 30 millionar kroner er eit tilskot frå Kystverket på 11 millionar. Tilsegnet om støtte føreset at kaien vert ferdigstilt dette året, seier Storebø.

Advertisements

2 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.