Store skilnadar i tilbod om støttekontakt

Har du sjølv eller nokon i den næraste familien behov for støttekontakt, bør du helst bu i Øygarden eller Askøy, ikkje i Sund eller Fjell.

støttekontaktDet er store skilnadar i dei kommunale tilbode om støttekontakt i kommunane i region vest, viser kommunane sine eigne rapporteringar til KOSTRA.

Eit sosialt liv
Kommunane er lovpålagte å sørgja for at innbyggjarane får tilbod om naudsynte helse- og omsorgstenester. Ein støttekontakt skal hjelpa brukaren å ha eit sosialt liv og ei meiningsfylt fritid.

Øygarden best ut
Oversikten frå Fylkesmannen i Hordaland viser at 37 innbyggjarar i Øygarden hadde tildelt eigen støttekontakt i fjor. Heile 13 fleire øygardsstrilar fekk nyta godt av omsorgstilbodet i fjor enn i 2014.

Med 76 støttekontaktmottakarar per 10.000 innbyggjarar, er Øygarden den kommunen i region vest som har beste dekning samanlikna med innbyggjartalet, ifølgje KOSTRA-tala.

Askøy
I Askøy steig talet på støttekontaktmottakarar i fjor frå 169 til 214. Ettersom kommunen no har 75 støttekontaktar per 10.000 innbyggjarar, er tilbodet er om lag like godt som i Øygarden.

På botnen
Fjell og Sund har det minst utbygde tilbodet i Hordaland, om vi ser vekk frå Etne.

I Fjell, som har om lag like mange innbyggjarar og ein tilsvarande innbyggjarprofil som Askøy, var det i fjor berre 95 personar som fekk tilbod om støttekontakt. Det var seks færre enn i 2014. Fjell hadde ved årskiftet ei dekning på 38.

Med berre 22 mottakarar, var Sund den kommunen i regionen som har det dårlegast utbygde tilbodet. Med ein auke frå 13 i 2014 til 22 i fjor gjekk utviklinga likevel i riktig retning. Dekninga er no på beskjedne 32 per 10.000 innbyggjarar.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s