Mindre gods over Bergen havn

I Bergen planlegg dei for ei gigantisk havneutviding. Dette skjer sjølv om statistikken for Bergen havn viser at godstrafikken på sjø er inne i ein synkande trend.

Fjell vil gjerne ha meir gods overført til Ågotnes frå Bergen indre havn. Foto: Svein Ludvigsen
Fjell vil gjerne ha meir gods overført til Ågotnes frå Bergen indre havn. Foto: Svein Ludvigsen.

Meir av godstransporten skal over på sjø, ifølgje statlege føringar. Bergen ligg alt svært godt an. 20 prosent av alt gods som vert frakta sjøvegen langs Norskekysten er innom eit av havne-anlegga til Bergen og omland Havnevesen, ifølgje SSB.

Synkande trend
Godstransporten over Bergen havn er likevel synkande, og har vore det i fleire år, viser siste havnestatistikken som vart offentleggjort.

Mindre varer
Fjerde kvartal i fjor var det minst travle i havnene i Bergensområdet sidan SSB byrja føra statistikk over godsmengder over norske havneanlegg.

Den samla godsmengda over Bergen havn var då vel 9 millionar tonn. Det er ein reduksjon på 40 prosent samanlikna med andre kvartal 2012.

Færre anløp
Siste offisielle tala over skipsanløp er frå første kvartal 2015. Då var 3081 skip innom ei av havnane til Bergen og omegn havnevesen. Det var nærare 800 færre anløp enn i fjerde kvartal 2013, som er det travlaste SSB har registrert til no.

Beskjeden
Trafikken over Bergen indre havn er beskjeden i det store biletet. Bergen indre havn står berre for kring 10 prosent av den samla godsmengda som vert handtert i samlege av Bergen og omland Havnevesen sine mange havnar.

Olje og gass
Det er utskipinga av store mengder olje og gass som gjer Bergen havn til den desidert største i Norge. Kring 90 prosent av alt gods over Bergen og omland Havnevesen sine kaianlegg går over Mongstad, Sture og Kollsnes.

Transporten av petroleumsprodukta vil uansett ikkje verta omfatta av ei framtidig havneutviding.

Containere
Både den totale godsmengda, og mengda av varer frakta med containere, viser ein nedgåande trend dette tiåret.

Containertrafikken, som er den vanlegaste måten å frakta varer til varehandelen, stod i siste kvartal i fjor for beskjedne 38.866 tonn. Ein reduksjon på 35 prosent samanlikna med andre kvartal 2008.

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s