Børsvinnar på Straume

Bergen Group ASA er i ferd med å attvinna tilliten hos dei handlande på Oslo Børs.

Samstundes som aksjekursen på Bergen Group stig, aukar volumet på handelen.
Bergen Group ASA sitt nye hovudkontor i Smålonane 5 på Straume.

Det børsnoterte selskapet som var på randa av konkurs sist haust, gjekk i mars motstraums på ein negativ børs.

Børsvinnar
Oslo Børs utropar i ei pressemelding Bergen Group ASA til ein av børsvinnarane i mars. Denne månaden steig aksjekursen med 56,5 prosent, frå 96 øre til 1,44 kroner. Berre fire andre selskap kan visa til betre kursutvikling i ein månad der  verksemdene som er noterte på OBX-lista i snitt har hatt eit fall i verdi på 4,1 prosent. På toppen av vinnarlista finn vi Scana Industrier, med ein vekst på 110,5 prosent

Toppnoteringa
Toppnoteringa var skjedde mandag 14. mars, med ein sluttkurs på 1,71. Sluttkursen 5. april enda ned 2,86 prosent, til 1,36 kroner.

Sidan marknaden sin tillit til Bergen Group var på sitt lågaste har akjsekursen stige jamnt og trutt, frå botnnoteringa på 64 øre i månadsskiftet september/oktober.

Bergen Group ASA har no hovudkontor på Straume.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s