Skrinlegg kontroversiell omsorgsinstitusjon

Utan støtte frå brukarane sine interesse-organisasjonar vil ikkje Husbanken bidra med finansiering til omsorgsinstitusjonen Hjeltefjorden leilegheitssenter i Øygarden. No vil formannskapet skrinleggja planane og overføra midlane til Hjeltefjorden Arena.

Slik tenkte arktitekt Rolf Eide seg at Hjeltefjorden leilegheitssenter skulle sjå ut.
Slik tenkte arktitekt Rolf Eide seg at Hjeltefjorden leilegheitssenter skulle sjå ut.

Medlemmane i formannskapet er leie for at prosjektet har skore seg, og beklagar ovanfor dei eldre som har sett fram til å flytta til sentrale omsorgsbustadar på Rong. Politikarane meinar dei har gjort alt som er mogeleg for å realisera prosjektet.

96,5 til Hjeltefjord Arena
Hjeltefjorden leilegheitssenter var ein av dei største einskildpostane på kommunen sin investeringsplan på 500 millionar kroner komande fireårsperioden.

– Øygarden har ein krevjande investeringsplan. Vi kan ikkje tillata at midlane går tapt, innleia ordførar Børge Haugetun (TVØ).

For at pengane ikkje skal stå ubrukt, tilrår formannskapet å overføra 8,5 millionar kroner av året investeringsbudsjett til Hjeltefjorden Arena.

Samstundes tilrår formannskapet at tilsaman 88 millionar kroner som er øyremerkja Hjeltefjorden leilegheitssenter i økonomiplanen for 2017 og 2018 skal overførast til Hjeltefjorden Arena.

Stort behov
Det er stort behov for tilrettelagde bustadar for eldre, psykisk utviklingshemma og flyktningar i Øygarden, konstaterer den vedtekne bustadsosiale planen.

Hjeltefjorden leilegheitssenter på Rong skulle løysa behova. På ein sentral tomt på Tednebakkane skulle det byggjast eit treetasjars bygg med 29 bueiningar, fellesareal og plass for administrasjonen. Samla bruksareal var på 3.525 kvadratmeter.

88 millionar
I den gjeldande budsjettplanen er tiltaket øyremerka med totallt 96,5 millionar kroner i åra til og med 2018. 36,1 millionar skulle koma frå Husbanken.

Husbanken var begeistra for prosjektet, men bygget er for stort til at banken utan vidare vil gje tilsagn om økonomisk støtte. For å bidra til finansieringa, krev Husbanken brukarorganisasjonane si støtte.

Usamde brukarar
Eldrerådet har heile tida vore begeistra over planane om å få omsorgsbustadar sentralt i kommunesenteret, framkjem det av sakspapira til møtet i formannskapet denne veka.

NFU – brukarorganisasjonen for psykisk utviklingshemma sa først ja, så ombestemte dei seg.

På nyåret i år har det vore heftig møteverksemd, både på rådhuset i Øygarden og i Husbanken i forsøk på å finna ei løysing.

Lite eigna
Brukarane har vore for lite involvert i planlegginga, meinar NFU. Resultatet er at ein har planlagt eit bygg som er for stort og som har institusjonspreg. Bygget tek for lite omsyn til forskjellane i brukarane sine behov. Interesseorganisasjonen vil heller ha mindre einingar, spreidd kringom i kommunen. Dei kan og tenkja seg eit samarbeid med kommunen om å byggja private bustadar.

Vil ikkje finansiera 100 prosent
Utan NFU si skriftlege støtte, trekk Husbanken tilsegnet om økonomisk støtte. Eit alternativ kunne vera at Øygarden finansierte heile prosjektet aleine, men det er det inga politisk interesse for.

Advertisements

2 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.