Frykt skal samla Fjell, Sund og Øygarden

Tilhengjarane mobiliserte – motstandarane haldt seg heime då første folkemøtet om kommunesamanslåinga gjekk av stapelen på Tranevågen skule.

Frykt for at framtida ikkje skal verta som i dag, og at vi får trongare tider økonomisk, skal samla fjellsokningar, sundsokninger og øygardsstrilar i ein felles kommune. Dette synes vera strategien forhandlingsutvala no køyrer for å sikra oppslutnad om den underteikna intensjonsavtalen.

60 – 70 personar hadde funne vegen til Tranevågen skule i går kveld. Formannskapet i Øygarden stilte mannsterke, frå vertskommunen Fjell var det langt mellom politikarane.

Brekke stal hovudrolla
Det to timar lange møtet var ein godt regissert førestelling, planlagt og gjennomført med kommunikasjonsrådgjevar Vigleik Brekke i Fjell kommune som ordstyrar, intervjuar og samanbindande kommentator.

Etter ein times innleiing frå ordførarane Marianne Bjorøy (Fjell, A), Børge Haugetun (Øygarden, TVØ) og Kari-Anne Landro (Sund, H) om intensjonsavtalen vart det opna for innlegg frå salen.

Spela på frykt

Administrerende direktør Kurt Rune Andreassen i CCB fryktar sentralisering og effektivisering vil tvinga seg fram og gå ut over arbeidsplassane. Foto: Vestnytt.
Administrerende direktør Kurt Rune Andreassen i CCB fryktar at sentralisering og effektivisering vil tvinga seg fram og gå ut over arbeidsplassane. Foto: Vestnytt.

Administrerande direktør Kurt Rune Andreassen frå hjørnesteinsverksemda CCB AS slo an tonen.

– De har gjort ein ganske god jobb, eg berømmer dykk for det. Men er eg bekymra for om det er nok. Eg har lest programmet, og tenkjer det er viktig å prøva å lesa den samfunnsmessige utviklinga som no skjer. Har brukt halve dagen i dag på å diskutera utfordringa for oljebransjen med leiinga i fylkeskommunen. Oljenæringa genererer 200 milliardar kr til den norske stat. Beløpet vil verta mykje mindre i framtida. Vi får ikkje pengar til å levera dei offentlege tenestene vi leverer i dag. Endringar vil koma til å tvinga seg fram, sa Andreassen.

– Vi må innstilla oss på samfunnsmessige endringar. De snakkar om levande bygder og bygdeutvikling. Eg er redd sentralisering og effektivisering vil tvinga seg fram, og fryktar det kan gå ut over arbeidsplassane, la Andreassen til.

– Burde ha kome for lenge sidan

- Kommunesamanslåinga burde ha kome for lenge sidan, hevda Egil Sæle frå Hellesøy. Foto: Vestnytt.
– Kommunesamanslåinga burde ha kome for lenge sidan, hevda Egil Sæle frå Hellesøy. Foto: Vestnytt.

Egil Sæle frå Hellesøy heilt nørst i Øygarden meinte at kommunesamanslåinga burde ha kome lenge sida. Han nytta likevel høvet til å ta opp den heitaste stridssaka i kommunen om dagen: Privatiseringa av barnehagane:

– Skule og barnehagen er viktig for eit lokalsamfunn. No trugar kommunestyret med å leggja ned einaste barnehagen på Tjeldstø. Kan de bekrefta at den ikkje vil verta lagt ned?, spurte Sæle.

– Egil Sæle veit godt kva planar vi har i Øygarden. Det vert planlagt ein ny privat barnehage 2 -3 km sør for Tjeldstø. Det vil ikkje verta påverka av det som står i intensjonsavtalen, svara ordførar Børge Haugetun i Øygarden.

– Eg har fått bevist at det som står i avtalen, kan vi ikkje stola på. Her står det at ein skal lytta til folket. Ordføraren har sagt nei til å møta folket i barnehagesaka, konkluderte Sæle.

Planar og prinsipp
– I Sund har vi ein plan. Skule og barnehage er viktig. Sjukeheimen i Sund, den ser eg for meg at vi skal behalda. Legetenesta, Øygarden har legevakt. Det har vi ikkje i sund. Å få tilgang til lege ut over ordinær arbeidstid er ei forbetring for oss, sa ordførar Kari-Anne Landro i Sund.

Intensjonsavtalen legg opp til eit nærteneste-prinsipp. Det vil likevel vera tenester som er desentralisert i dag som vil verta sentraliserte. Kan ikkje peika på noko i dag. Vi må sjå på kva tenester som folk nyttar kvar einaste dag, det er dei vi må ha nært brukarane, haldt Landro fram.

Kva er nært?
Johannessen, Søre Fjell, på grensa mot Sund: Kva er nært? For nokre år sida var nært ein dags rotur. Kva er nært i dag? Skulstrukturen? Kva skal skje med Telnes skule? Skogsvåg skule har ikkje kapasitet. Kva med Misje skule?

– Fjell har vore gjennom ein skulestruktur. Ingen lett prosess for nokon. Eg vegrar meg for å ta fatt på ein slik prosess ein gong til. Skulestrukturen ligg slik han ligg. Vi har ingen planar om å ta temaet opp att i denne perioden. Telnes skule? Det er ikkje berre å oppretthalda skulen. Om det ikkje er fleire elevar att, skal vi då oppretthalda han for einkvar pris? Spurte ordførar Marianne Bjorøy.

– Vi legg opp til eit nærtenesteprinsipp. Kva som er nært? Tenester som vi bruker ofte, til dagen, og som vi er avhengig av. Byggesøknadar er ikkje det vi definerer, når vi snakkar om nært, la Bjorøy til.

Vike unna strategiske val?
I intensjonsavtalen snakkar vi om levande bygder. Å ta i bruk heile kommunen. Vi spreiar mykje til alle og alt. Har vi vike unna dei strategiske vala? Er vi for lite villig til å ta dei strategiske grepa som Kurt snakka om?

– Vi treng levande bygder for å oppretthalda kommunale tenester. I Øygarden slit vi med å oppretthalda faglege nivået, mellom anna på grunn av alderspensjonering. I små fagmiljø får dei ikkje fagleg utvikling, eller mulighet til å diskutera. Eindel endringa vil tvinga seg fram, anten det no skjer i juni eller om nokre år, meinte Haugetun.

Levande bygder
– Det handlar like mykje om arealplanlegging. Om å velja å bu i byggjefelt eller langt ute på landet. Vi har ein generasjon i dag som ikkje er digital. Verda endrar seg. Biblioteket vert utgangspunkt for dei som ikkje er i den digitale verda. Der kan dei få den hjelpa dei som i dag får på kommunehusa, meinte Sylvia Haugland (Øygarden, TVØ)

Næringslivsleiaren Jan Vindenes ser fram til å få ein ny kommune. Politikarane har vore kjempeflinke, meinar han.

– Folk er skeptiske til endringar, Sjå på nedlegginga av postkontora, men posten kjem, og no skal dei slutta med post om laurdagane. Folk vert jo sjukmelde om vi skal skifta nokre kontorpultar, sa Vindenes.

Slagkraftig
– Vi er ganske mange, og vert slagkraftige samanlikna med resten av regionen. Alt vert bestemt på fylkesnivå. Som at vi må byggja langs kollektivtraseen. Kvar kommune sloss for seg sjølv. Litt større påverknadskraft ovanfor dei andre om vi vert større. Ikkje berre kommunen aleine som legg desse føringane.

John Kjell Fjeld viste til at Fjell nyleg innførte eigedomsskatt på verk og bruk og næring. Han etterlyste ein definisjon på næring? Og kva med jordbruk?

– Eg håpar de kan stå ved det de har sagt, sa Fjeld.

Næring er alt som relatert til næringsliv. Med verk og bruk var det berre snakk om produksjon. Sartor senter er næring. Andre næringseigedomar er omfatta. Kanskje det som gjer Kurt Andreassen betenkt. No som næring vert omfatta, må CCB betala meir, sa Bjorøy.

Eigedomsskatten
– I gode tider har CCB betalt mykje skatt. No vert eigedomsskatten utvida frå å omfatta produksjonslokala til å omfatta heile arealet vårt. Det passar veldig dårleg at det skjer akkurat no, utdjupa Andreassen.

Vegfond
Å kunna byggja hus og vei, det er to vilkår for levande bygder, sa Egil Sæle og etterlyste ei utbetring av vegen til Hellesøy.

Infrastrukturfondet som ligg i intensjonsavtalen vil gje 15 millionar til vei i Øygarden. Øygarden forhandlar med statens vegvesen om å oppgradera vegen til Hellesøy og Nautnes bru. Korleis det vert prioritert etter 2020, avheng av behovet på vegane. Det er ingen politisk vrangvilje når det gjeld vegar i Øygarden. Eg er glad vi har fått veg med den standarden som er til Sture. Det misunner dei oss i Sund, sa Haugetun.

– Det hjelper å masa, Egil, kommenterte Brekke.

-Stå på!
– Eg flytta tilbake til Sotra i 2008 etter 30 år i Rogaland. Eg vart litt imponert då eg hørte på forelesing til dei tre ordførarar. I denne presentasjon såg eg ekte vilje til å få til noko. Positive intensjonar. Vil snart møte realitetane. Ikkje sikker på at alle har teke inn over seg det som er i ferd med å skje økonomisk. Stå på, ta innspela på alvor, men ikkje mist målet av syne, tilrådde Malvin Ågotnes.

– Eg er glad for det som held på å skje no, og støttar dykk 100 prosent, supplerte Jostein Misje.

Mobiliser for å få makt
Å sikra god politisk representasjon frå alle stadar vert ei utfordring når tre kommunestyre med 80 representantar skal reduserast til eitt, med 45 representantar. Vallova tillet ikkje å differensiera i kommunane. På landsbasis er det mogeleg med utjamningsmandat, men ikkje i kommunane. Innbyggjarane sjølv kan likevel justera med tilleggstemmer. No får vi ein ny kommune. Då gjelde det å ikkje fokusera på forskjellane, men på det nye, sa Haugetun.

– Er det fare for at delar av kommunen ikkje vil verta representert? spurte Brekke.

– Eg er like urolig for den noverande kommunen. Heldigvis kan utkantane vera flinkast til å mobilisera. I siste perioden hadde Høgre ti representantar i Sund, fem av dei var frå Tofterøy, sa Landro.

Det er opp til parti å sørgja for at dei framste kandidatane kjem frå dei ulike kommunane, å sikra representasjonen. Ofte skjer det ei mobilisering i ulike grender i kommunen. Eg kjem frå Bjorøy, lita øy i utkanten av Fjell, vi har fem representantar i kommunestyret, sa Bjorøy.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.