– Ta den telefonen!

Ordførar Børge Haugetun i Øygarden har kravd at 600 øygardsstrilar skal få høve til å seia meininga si i innbyggjarundersøkinga om kommunesamanslåinga. No oppfordrar han flest mogeleg av dei utvalde til å ta telefonen når dei ser eit 73-nummer på displayet.

- Ta telefonen når du ser eit 73-nummer i displayet, oppfordrar ordførar Børge Haugetun Øygardsstrilar som ønskjer å seia meininga si om kommunesamanslåinga med Fjell og Sund.
– Ta telefonen når du ser eit 73-nummer i displayet, oppfordrar ordførar Børge Haugetun Øygardsstrilar som ønskjer å seia meininga si om kommunesamanslåinga med Fjell og Sund.

Vanlege meiningsmålingar spør gjerne ein til to prosent av populasjonen om kva dei meinar om eit tema. Statsvitaren Haugetun kan såpass mykje om statistikk at han veit han må spørja fleire, skal svara kunne gje ein nokonlunde peikepinn på kva folk i Øygarden meinar om planane om å slå saman Fjell, Sund og Øygarden til ein kommune.

Statistisk signifikant
– 600 øygardsstrilar vil gje eit statistisk signifikant bilete av kva folk tenkjer. Reelle funn vil vera i samsvar med dei haldningane som finst her ute, seier Haugetun.

Fullt så mange svar tvilar ordføraren likevel på at dei vil få. Det er alltid nokon som ikkje har høve til å ta telefonen når han ringer, beklagar han.

Innbyggjarundersøkinga
Innbyggjarundersøkinga vil verta gjennomført i dagane 22. april til 1. mai. Haugetun er med i komiteen som skal utforma spørsmåla:

-Det vert ingen overraskande spørsmål. Undersøkinga vil ha tre delar: Ein del om dei er positive eller negative til samanslåinga, synspunkt på dei kommunale tenestene, og ein open del der dei kan koma fram med det som opptek dei. Slik håpar vi å fange opp det som innbyggjarane er opptekne av og som vi sjølv ikkje har tenkt på, seier Haugetun.

Fleire enn vanleg
600 øygardsstrilar tilsvarar ti prosent av innbyggjarane i kommunen. Å intervjua så mange vil vera vesentlig fleire enn det Opinion, som skal gjennomføra undersøkinga, vanlegvis gjer. Haugetun har likevel insistert på at så mange må spørjast, seier han.

Få viljen sin
Andreas Kallekleiv (H) er glad det likevel ikkje vart folkerøysting om kommunesaman-slåinga med Fjell og Sund i heimkommunen:

– Med ei folkerøysting kunne vi ha risikert at så lite som ein fjerdedel av innbyggjarane i kommunen fekk viljen sine, sa Kallekleiv då formannskapet drøfta kommunereforma i går.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.