COSL Innovator – granskningsrapporten avslører to brot på reglane

Ulukkesriggen COSL Innovator kan verta liggjande lenge til kai på Ågotnes. Petroleumstilsynet slår fast at overbygget på riggen ikkje var dimensjonert for å tola horisontale bølgjer.

Overbygget tolte ikkje horisontale bølgjer, ifølgje Petroleumtilsynet sin granskingsrappoet.
Overbygget tolte ikkje horisontale bølgjer, ifølgje Petroleumtilsynet sin granskingsrapport.

Petroleumstilsynet sin granskingsrapport vart offentleggjort i dag. Her framkjem det at riggen  var i brot med to bestemmelsar i regelverket då ei monsterbølgje slo inn over overbygget og ein mann omkom i lugaren sin 30. desember i fjor.

Ikkje dimensjonert
COSL Innovator hadde ikkje den påkravde klaringa på 1,5 meter mellom bøljetoppane og underkanten på nederste dekk då ulukka skjedde. Overbygget var heller ikkje dimensjonert for å motstå horisontale bølgjer, ifølgje Petrolumstilsynet.

Tilsynet reagerer også på at det tok heile 40 minutt frå bølgja slo inn over riggen og til ein hadde oversikt over personellet ombord.

Fleire kunne ha omkome
Overbygget fekk omfattande skader. Hadde ulukka skjedd på eit tidspunkt der fleire av mannskapet opphaldt seg på lugarane, kunne fleire ha omkome, ifølgje Petrolumestilsynet.

Design
-To sentrale analyser som vart utført i designfasen er ikkje blitt tekne tilsstrekkjeleg omsyn til i designutviklinga, konstaterer Petroleumstilsynet.

-Horisontale bølgeslag har ikke fått merksemd, sjølv om negativt air gap vart påvist i analyser utført av både DNV og Grenland Group, skriv Petroleumstilsynet, og legg til:

-Arbeidet som vart utført i prosjektperioden var i hovudsak i tråd med erfaring og industripraksis for flyttbare innretninger på det tidspunktet prosjektet ble gjennomført.

Pålagt å dokumentera
Eigaren, COSL Drilling Europe AS, er no pålagt å gjennomføra analyser som dokumenterer at dei ombyggingane som er gjort på COSL Innovator, og søsterriggane COSL Promoter og COSL Pioneer, etter ulukka inneber at riggane no er i samsvar med tryggleikskrava.

COSL Promoter er tilbake på Troll for Statoil. Både COSL Innovator og COSL Pioner ligg for tida til kai ved CCB.

Les Petroleumtilsynet sin granskingsrapport.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s