Stadig fleire reisande vel vekk køane i Bergens-området

Snøggbåtrutene i Bergensområdet var dei kollektive transporttiltaka i Hordaland som auka mest i popularitet i fjor. Aller mest auka talet på reisande Askøy – Bergen.

teisten
Askøy ligg 15 minutt med båt frå Strandkaien. Ikkje rart stadig fleire asketappar vel å ta båten framfor å stå i kø i Bergen vest. Foto: Liv Strømme

926.000 hordalendingar reiste med snøggbåtane i fylket i fjor. Det er heile 126.000 fleire enn i 2014, og tilsvarar ein auke på 16 prosent, ifølgje årsmeldinga til Hordaland fylkeskommune.

34 prosent vekst
Størst var auken på strekkja Askøy – Bergen. Fleire avgangar på kveldstid og i helgane, kombinert med flytting av terminalen frå Nøstet til Strandkaien, fekk den effekten ein ønska, og resulterte i ein vekst i passasjertalet på heile 34 prosent.

Einskilde avgangar har vore så populære at håpefulle reisande har blitt ståande att på kaien. Fylkeskommunen vurderer no å utvida kapasiteten.

Bergen – Frekhaug/Knarvik
Stadig fleire er det også som tek båten til Nordhordland. Talet på reisande passerte i fjor 100.000, etter ein auke på 20 prosent i fjor.

Det var ein liten nedgang i talet på passasjerar som reiste med båtrutene i Sunnhordland og Austevoll i fjor.

Auka billettinntekter
Båtrutene står no for to prosent av alle kollektivreiser i fylket, og tek seks prosent av samferdslebudsjettet på 2,93 milliardar kroner.

Utvidinga i rutefrekvensen kostar. Rekneskapen viser at båtrutene hadde ein brutto driftskostnad i fjor på 178,3 millionar kroner, 75 millionar meir enn i 2013. Auken i passasjertalet gjorde at billettinntektene i same perioden auka med 39 millionar kroner, og enda i fjor på 44,6 millionar.

Bussrutene utgjorde største einskildposten i rekneskapen, med ein brutto kostnad på knappe 1,3 milliardar og billettinntekter på 526 millionar.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s