Grindgut tok 10,5 millionar frå bilistane i bomringen

Den mislukka datasatsinga Grindgut har kosta bilistane som passerer bomringen i Bergen 10,5 millionar kroner.

Grindgut tok 20 øre kvar gong du passerte her i første halvår i fjor.
Grindgut tok 20 øre kvar gong du passerte her i fjor.

Utviklingsprosjektet Grindgut som skulle gjera det einklare og rimelegare for bomselskapa i Norge å krevja inn pengar, haldt ikkje det leverandøren IBM lova. I fjor haust valde Statens vegvesen like godt å stoppa heile utviklingsarbeidet. Samstundes vart innbetalingane til dataleverandøren stoppa, seier dagleg leiar Jan Otto Evjen i Bergen Bompengeselskap AS til Tunnelsyn.

10,5 millionar
– Bilistane som passerte Bomringen i første halvår i fjor, vart belasta med 10,5 millionar kroner i utviklingskostnadar for eit datasystem som aldri kjem til å verta sett i drift, seier Evjen. Han beklagar sterkt det som har skjedd.

20 øre per passering
Kostnadane med utviklingsarbeidet var fordelt på bomselskapa i forhald til trafikkmengde. Bomringen i Bergen har 50 millionar årlege passeringar. Bilistane har betalt 20 øre for kvar passering.

Vurderer rettsak
Utviklinga av Grindgut har totalt kosta norske bilistar 170 millionar kroner. Statens vegvesen vurderer no å gå til sak mot IBM for å få tilbake pengane.

Oppdrag på feil premiss
Mykje har gått gale i vegvesenet sitt arbeid for einklare innkrevjing av bompengar. IBM fekk oppdraget etter ein tilbodskonkurranse. Dataleverandøren fekk oppdraget på feil premiss, ifølgje ein fersk dom i Borgarting lagmannsrett.

Vert dommen ståande, må bilistane ut med ytterlegare 25 millionar i erstatning til konkurrenten. 2 millionar i sakskostnadar kjem i tillegg, ifølgje BA.no.

Krev politisk høyring
Politikarane i utval for miljø og samferdsel i Hordaland fylke signaliserte under gårsdagens møte at dei gjerne vil ha ei høyring om Grindgut. Kva er det som har gått gale, og kva var bakgrunnen for at ein valde å utvikla eit eige datasystem når det fantes ferdig utvikla løysingar? spør politikarane.

2 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s