Skatteinntektene sviktar

Fjellsokningane byrjar omstilla seg på eit lågare aktivitetsnivå i kjølvatnet av krisa i offshorebransjen. Rekneskapen for Fjell for dei tre første månadane i år viser eit underskot på 20 millionar kroner.

Fjell kommune merkar det reduserte aktivitetsnivået offshore. Svikten i skatteinntektene i første kvartal var på 12 millionar kroner.
Fjell kommune merkar det reduserte aktivitetsnivået offshore. Svikten i skatteinntektene i første kvartal var på 12 millionar kroner.

Den aukande arbeidsløysa i offshorebransjen slår no inn i kommuneøkonomien i Fjell. Skatteinntektene sviktar. For dei tre første månadane i år er inntektssvikten på heile 12 millionar kroner, framkjem det av økonomirapporten som skal behandlast i Komite for drift over helga.

Færre plan- og byggjesaker
Redusert aktivitet på plan og byggjesak fører til at kommunen har fått 2,4 millionar mindre i inntekter frå byggjesaksgebyr enn venta.

Periodisering
Samla underskot så langt i år er på 20 millionar kroner. Delar av meirforbruket på utgiftssida skuldast periodisering av utgifter, og vil jamnast ut over året, ifølgje saksframstellinga til KD.

2 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s