Ap diskriminerer gründerverksemder

Marianne Bjorøy, Ranveig Frøiland, Tonje Alvsvåg! Ap snakkar varmt for nye arbeidsplassar, men de diskriminerer lokale gründerverksemder.

Måsen er Tunnelsyn sitt kjenneteikn. Symbolet på ein fri medikanal som kan tillata seg å sjå hendingane ovanfrå.
Måsen er Tunnelsyn sitt kjenneteikn. Symbolet på ein fri mediekanal som kan tillata seg å sjå hendingane ovanfrå.

Det finst i dag to lokale media på Sotra. Leiinga i Fjell Ap later som om nykomlingen Tunnelsyn ikkje eksisterer.

Tilgang til informasjon
Å ha tilgang til informasjon er alfa og omega for lokale media. Tunnelsyn er nøydd til å leita fram nyhenda sjølv, i motsetnad til den etablerte monopolavisa, som ikkje berre vert tilkalla, men som attpå til får betalt for å møta, seinast sist på folkemøtet på Ågotnes denne veka.

Som redaktør i gründerverksemda Tunnelsyn opplever eg stadig vekk å bli ignorert når det gjeld å få tilgang til informasjon.

Marianne Bjorøy, Ranveig Frøiland og Tonje Alvsvåg, de veit godt at nettavisa Tunnelsyn finst. De veit at vi gjerne vil ha tilgang til informasjon – og de ignorerer oss. Seinast i kunngjeringa av ny leiar i Fjell Ap.

Ufrivillig gründer
Etter 20 år i ulike roller innan fagpresse og kommunikasjon, opplevde eg å verta langtidsledig. Etter eit 100-tals jobbsøknadar utan å få napp, har eg framleis både sjølvtillit, pågangsmot og økonomiske ressursar til å sjå mogelegheitar og starta for meg sjølv. Attpåtil i ein bransje med beinhard konkurranse og hyppige nedbemanningar.

Å verta gründer var det siste eg planla då eg fullførte mastergraden i strategiutviking på BI. Når eg likevel vel å starta for meg sjølv, er det delvis avdi det i dei miljø eg har jobba, er ein naturleg ting å etablera sin eigen mediekanal.

Meinar Fjell AP at slike initiativ skal ignorerast?

Smart teknologi
Tunnelsyn er starta av ein ufrivillig gründar, men gründaren ser mogelegheitar der Schibsted og Amedia ser trugande økonomisk havari. Tunnelsyn har basert seg på ein teknologi som krev eit minimum av investeringar. Dei veletablerte har til samanlikning investert millionar i gårsdagens teknologi. Investeringar som dei må få dekka.

Alternativ profil
Tunnelsyn ønskjer å ha ein alternativ redaksjonelle profil samanlikna med andre lokale media.

Tunnelsyn er ikkje størst, men vi vert lest. Eit år etter at vi vart etablert som aksjeselskap har nettavisa kring 3.000 lesarar i månaden.

Meinar Fjell Ap framleis at slike initiativ skal ignorerast?

Dødens dal
Gründerverksemder vert typisk starta med lite kapital og stor eigeninnsats utan løn. På fagspråket vert denne fasen gjerne kalla ”dødens dal”, avdi det er storleiken på gründeren sin eigenkapital som avgjer korvidt verksemda skal overleva inntil inntektene vert store nok til å dekka kostnadane.

Aktiv diskriminering
Skjebnen sin ironi har plassert meg i Likestillingsnemnda i Fjell. Det har gjort meg merksam på at økonomi ikkje er einaste kriterium for suksess. Eg spør meg sjølv om mottakinga hadde vore annleis dersom gründaren var mann, med fortid i regionavisa, i staden for ei kvinne med fortid i fagpressa?

Gründaren bak Tunnelsyn har økonomiske ressursar til å overleva, men det er grenser for kor lenge vi kan gjera det dersom leiande krefter i lokalmiljøet held fram med å diskriminera nettavisa.

Der arbeidsplassane vert skapte
Som ordførar i Fjell har avtroppande Ap-leiar Marianne Bjorøy vore med på å oppretta eit kontaktutval for næringslivet, nettopp med tanke på å skapa nye arbeidsplassar. Her sit «kremen» i det etablerte lokale næringslivet.

Det er eit faktum at nye arbeidsplassar oftast vert skapte utanfor etablerte miljø. Difor tillet eg meg å spørja: Kva med å etablera kontakt også med gründerverksemdene, for å høyra kva hindre vi møter?

Det vert ofte hevda at den mest effektive diskrimineringa er den som sit mellom øyrene til folk i posisjon.

Gratis tiltak
I framtida håpar eg difor at Fjell Ap kontaktar Tunnelsyn samstundes som Vestnytt neste gong de har ein nyhet å formidla.

Tiltaket er gratis! Å dela informasjon vil ikkje kosta Fjell Ap fem flate øre. Det vil dermot bidra til å auka talet på lesarar av Tunnelsyn – og dermed styrka grunnlaget vårt for å henta inntekter gjennom annonsesal.

Her held det ikkje med fine ord om å skapa arbeidsplassar. Støtt opp om lokale gründerveksemder. Arbeidarpartiet i Fjell vil verta evaluert ut frå handling.

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s