Protesterer mot rekkefølgjekrav og utbyggingsavtalar

Store bustadbyggingsprosjekt kan utløysa krav om offentlege investeringar i mange 100-millionar kroners klassen til vegar, fortau, skular, barnehagar, vatn og avløp. Utbyggjarane vil skyva rekninga over på skattebetalarane.

Nye bustadprosjekt kan utløysa krav om infrastrukturutbygging i mange 100-millionar kroners klassen. Illustrasjon: Backer Bolig AS.
Nye bustadprosjekt kan utløysa krav om offentleg infrastrukturutbygging i mange 100-millionar kroners klassen. Illustrasjon: Backer Bolig AS.

Massiv lobbyverksemd gjennom fleire tiår har sikra byggje- og anleggsbransjen forkøyrsrett i Plan- og bygningslova. Rekkefølgjebestemmelsar og utbyggingsavtaler er likevel punkt i lovverket som sikrar at utbyggjarane i ein viss grad bidreg økonomisk til eit spleiselag med det offentlege i samband med eigne tiltak.

Vekstkommunane kring Bergen har tronge budsjett og meir enn nok av tiltak å bruka pengar på. Alternativet er at utbyggjarane må setja prosjektet på vent inntil rekkjefølgjebestemmelsane er oppfylt.

Risikofri
Ordningane med rekkefølgjebestemmelsar og utbyggingsavtalar har tydelegvis provosert. No vil byggje- og anleggsbransjen kutta i paragrafar dei oppfattar som offentleg hindre. Sist veke møttes eit 170-tals representantar frå bransjen og frå planavdelingane i kommunane i Bergensområdet for å drøfta korleis utbyggjarane sin kvardag kan verta meir risikofri.

To standardar
Ønskjer du å byggja langsmed ein eksisterande infrastruktur, er det einklare å få til enn om prosjektet skal liggja langt utanfor allfarveg, oppsummerte Sindre Lillebø i Statens vegvesen.

Historisk utvikling og politikarar som seier ”ja” til nye planar utan å tenkja over kostnadane, har medverka til at Statens vegvesen no opererer med to standardar for vegnormar på kommunale vegar, ifølgje Lillebø.

Ryggrad?
– Det skal ryggrad til for å stå mot dei mange interessene som melder seg når ein reguleringsplan skal behandlast politisk, hevda ordførar Terje Søviknes frå Os.

FrP-ordførararen ordla seg slik at han framstår med manglande ryggrad til å stå opp for innbyggjarane sine interesser når utbyggjarane bankar på døra. Praksisen kan vera ulik i andre kommunar.

Ulik praksis
Det kan vera store forskjellar i korleis kommunane praktiserer ordningane med rekkefølgjekrav og utbyggingsavtalar, ifølgje dagleg leiar Anita Nysæther Kristiansen i Backer Bolig AS.

Tiltak kostnadsrekna til 431.000 kroner skilde dei to eksempla Kristiansen viste til. På Bjørge vil kostnadane med nytt kryss og gangbru over fylkesvegen utgjera 154.000 kroner for kvar av dei 65 bustadeiningane. Prosjektet på Krokåshaugen på Askøy vert ikkje noko av, fordi kommunen sine krav til infrastrukturutbygging ville ha auka prisen med 585.000 kroner per bustad.

Tøya strikken
Utbyggjaravtaler er ei frivillig ordning i grenseland mellom privat og offentleg rett. Tredelen av utbyggjarane seier dei opplever at kommunane nyttar lovbestemmelsane som pressmiddel. Det må vera grenser for kor langt kommunane kan tøya strikken ovanfor utbyggjarane, hevda Hans Martin Moxnes i Entrepenørforeningen bygg og anlegg. Han stilte spørsmål ved kva tiltak utbyggjarane kan påleggjast å utføra.

Sikra realisme
– Vi må sikra berekraftige prosessar for alle aktørane. Om vi vil sikra at eit prosjekt ikkje kjem i gang, er det berre å oppfordra utbyggjar om å ta på seg store kostnadar, sa fylkesordførar Anne Gine Hestetun. Som tidlegare direktør i OBOS kjenner ho byggjebransjen frå innsida.

Å få til eit felles rammeverk for korleis kommunane i Bergensområdet skal handtera rekkefølgjekrav og utbyggingsavtalar vil vera viktig i det vidare arbeidet. Det vert og teke sikte på å få til ei rettvis ordning for finansiering av offentlege infrastrukturtiltak som vert utløyst av nye byggjeprosjekt.

Ministerråd
Nancy Jøssang, dagleg leiar i rådgjevingsverksemda Opus AS, og leiar for byutviklingsgruppa i Bergen Næringsråd, er hanka inn for å medverka til Bygg21 sin rapport med forslag til auka produktivitet og kostnadsreduksjon i bygg- og eigedomsnæringa sitt møte med kommunane.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s