Vil omregulera ti hytter i strandsona på Snekkevikneset til bustad

Ti av elleve hytteeigarar på Snekkevikneset ønskjer å omregulera hyttene sine til bustad. Rådmannen protesterer på høg utnyttingsgrad i den funksjonelle strandsona.

Fjell manglar ein strategi for omgjering av hytter til bustad. I den nye kommuneplanen vert det likevel lagt opp til at hytteområdet på Snekkevikneset skal omgjerast til bustad. Fleire av hyttene vert i dag nytta som heiltidsbustad.

Området er ein del av eit større område med krav i kommuneplanen om felles planlegging. Hytteeigarane har fått unntak frå kravet, då plansjefen ser at det kan vera problematisk å få til ein felles plan for heile området.

Privatisert strandsone
Det 31 mål store hytteområdet ligg idyllisk til med sjø på tre sider. Store delar av planområdet ligg innanfor funksjonell strandsone. Strandsona er i stor grad privatisert av mindre hytter, naust og kaianlegg.

Ei felles bryggje langsmed sjøkanten kan bidra til å gjera strandsona meir tilgjengeleg for allmenta, føreslår rådmannen.

For høg utnytting
Omgjeringa av små hytter på store tomtar i sjøkanten er likevel ikkje uproblematisk. Byggjegrensa bør trekkjast tilbake, slik at den følgjer den funksjonelle strandsona.

Hytteeigarane legg opp til ei utnyttingsgrad på 30 – 40 prosent byggjeareal. Utnyttingsgraden bør vera såpass, då kravet til overbygd terrasse som følgje av omsynet til flystøy, og parkering vil går ut over byggjearealet, hevdar dei.

Med ein slik utnyttingsgrad vil ein få hus med ei grunnflate på 257 kvadratmeter golvflate når 50 kvadratmeter garasje og 20 kvadratmeter overbygd terasse er trekt frå, har plansjefen rekna seg fram til. Dette er for stort for ein einebustad i strandsona, meinar rådmannen.

Flystøy
Snekkevikneset ligg i gul sone for flystøy. Støyrapportane viser at støynivået ligg kring 54 dB, som er 2 dB høgare enn grensa for støy på uteareal. Då området alt er bebygd, og ligg på Litle Sotra, bør omgjeringa til bustad likevel tillatast. Bygginga skal kunna skje ut frå same premissane som på eit regulert bustadområde 350 meter lenger nord, tilrår rådmannen.

Kollektivtransport
Snekkevikneset ligg tre kilometer aust for Straume. Avstanden til næraste busstopp er ein kilometer, men her går det buss berre tre gonger i døgnet. Transport til og frå området kjem difor til å vera avhengig av private bilar.

Det vert lagt opp til felles parkering i ytterkant av planområdet, samstundes som det vert opna for parkering på dei einskilde tomtane.

Komite for Plan og utvikling får saka på bordet i morgon. Du kan lasta ned sakspapira her.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s