Barnefattigdom – eit ikkje-tema i Askøy

I Askøy er dei overraska over kor mange born i kommunen som veks opp under fattigdomsgrensa. Dei har gripe fatt i eit tilsynelatande ikkje-tema. Korleis kan dei hindra at ungane tek skade av den økonomiske situasjonen, og at fattigdomen går i arv?

500 ungar i Askøy veks opp i familiar med ei inntekt som er under fattigdomsgrensa.
500 ungar i Askøy veks opp i familiar med ei inntekt som er under fattigdomsgrensa.

Askøy, Fjell og Bergen er tre av fem kommunar i Hordaland som deltek i Fylkesmannen si femårige satsing for å styrka barna sine rettar på alle samfunnsområde og etterleva FNs barnekonvensjon i den offentlege forvaltninga, seier seniorrådgjevar Grete Riise hos Fylkesmannen.

500 ungar
For å få eit inntrykk av omfanget har Askøy kommune gjennomført ei omfattande kartlegging. Den første og mest omfattande i sitt slag i Hordaland. Her vert det konkludert med at kring 500 ungar på Askøy veks opp i familiar der den samla inntekta ligg under fattigdomsgrensa.

Fattigdom er eit relativt omgrep. I Askøy har dei valt å følgja Riksrevisjonen sin definisjon, tilsvarande ei familieinntekt kring 300.000 kroner i året.

– Vi er overraska over tala. Er det verkeleg så mange? Det betyr likevel ikkje at alle desse 500 ungane har det vanskeleg. Dei svelt ikkje. Dei har tak over hovudet. Mange av familiane slit nok økonomisk, men fiksar kvardagen rimeleg godt likevel. Å veksa opp i ein lavinntektsfamilie kan likevel vera krevjande både fysisk og psykisk, seier prosjektleiar Inger Jørgensen i Askøy kommune.

Eit ikkje-tema

Samfunnsdelen til kommuneplanen gjev ein overordna strategi for arbeid for barn og unge, alle skal få høve til å delta, seier prosjektleiar Inger Jørgensen i Askøy kommune.
Samfunnsdelen til kommuneplanen gjev ein overordna strategi for arbeid for barn og unge, alle skal få høve til å delta, seier prosjektleiar Inger Jørgensen i Askøy kommune.

Undervegs har det gått opp for dei prosjektansvarlege at barnefattigdom, ja fattigdom i det heile, er eit ikkje-tema i Askøy.

– Skule-avdelinga er medvitne om gratisprinsippet. Likevel er det mange tiltak som kostar ekstra. Summen av tiltaka kan verta problematisk for mange familiar, seier Jørgensen.

For ein del av ungane kan den vanskelege økonomiske situasjonen gå på helsa laus. Dei har auka risiko for å få psykiske problem, som søvnvanskar og åtferdsvanskar. Andre deltek ikkje i idrettsaktivitetar, seier Jørgensen.

Nokre av ungane er usynlege. Helsesøster, skule og barnehagar konstaterer at dei ikkje deltek, men dei veit ikkje kvifor.

– Fattigdom er eit vanskeleg tema å ta opp. Vi har kome langt når det gjeld å snakka om rus og psykiske problem, men den økonomiske situasjonen vert det opplevd som tabu å ta opp, seier Jørgensen.

Overrepresenterte
Det er mange faktorar som samverkar for at ein familie skal havna i kategorien ”fattig”. Eineforsørgjarar, langvarig arbeidslause og foreldre med psykiske problem er likevel overrepresentert i gruppa ”fattige” i Askøy, ifølgje undersøkjinga. Ikkje overraskande kan hende.

105 av mottakarane av sosialstønad i kommunen har forsørgjaransvar for ungar under 18 år, ifølgje fylkesmannen i Hordaland.

Heva satsane
Det er kommunen som vedtek satsane for sosialhjelp. Askøy har i fleire år hatt nokon av dei lågaste satsane for sosialstønad i fylket. At kommunen trekkjer frå barnetrygda når satsane til barnefamiliane vert rekna ut, betyr også mykje for den samla økonomiske situasjonen for barnefamiliane.

Barnetillegget til sosialhjelpsmottakarar med barn i Askøy vert no heva med oppunder ein tusenlapp i året. Framleis vil Askøy vera den kommunen i Hordaland som totalt sett tilbyr barnefamiliane dei magraste økonomiske levekåra.

Universelle tiltak
Analysegrunnlaget gjev Askøy eit godt grunnlag for å iverksetja både førebyggjande og utjamnande tiltak, ifølgje Jørgensen.

– Vi må vakta oss vel for ikkje å skapa stigmatiserande tiltak som gjev grunnlag for sosial ekskludering og mobbing, seier Jørgensen.

Universelle tiltak utan krav om dokumentasjon må verta løysinga, slik prosjektleiaren ser det. Her er kommunen likevel berre i startfasen, så langt.

Byttesøsken og «Ung sommar»
Ordninga med byttesøsken i barnehagane er eit slikt tiltak. Her kan to familiar inngå frivillig avtale om at den yngste ungen arvar klede og utstyr frå sitt eldre byttesøsken.

«Ung sommar» er eit anna tiltak som er meint å vera sosialt utjamnande. Til sommaren vert all ungdom i Askøy invitert med på ulike aktivitetar i ferien. Alle aktivitetane er gratis. Familien sin økonomi er eit ikkje-tema.

FN sin barnekonvensjon
– Analysearbeidet Askøy kommune har gjort er forbilledleg, seier Riise som er med i Fylkesmannen si tverrfaglege gruppe på området.

Målet med prosjektet er todelt:
– Omsynet til barns beste må verta betre ivareteke i Fylkesmannen sitt eige arbeid med plansaker, klager, tilsyn, tilskot og rådgjeving. Vi vil endra rutinane på tvers i organisasjonen slik at intensjonen i FNs barnekonvensjon vert oppfylt i høgare grad enn i dag, seier Riise.

For det andre ønskjer Fylkesmannen at satsingskommunane skal bidra med meir kunnskap om korvidt kommunane kan motverka uheldige konsekvensar av barnefattigdom, og å førebyggja at familiar kjem i ein slik situasjon.

Å heva barnetillegget til sosialhjelpsatsane kan vera eitt av mange aktuelle tiltak, ifølgje Riise, men sosialhjelp er ikkje nok. Målet er å finna fram til strategiar som sikrar barna sine rettar i alle kommunen sine tenester og ikkje minst i dei langsiktige planane.

Arbeidet som er gjort i Askøy er forankra i kommuneplanen sin samfunnsdel. Den overordna strategien har eit tydeleg folkehelseperspektiv og stadfestar at barn og unge skal ha høve til å delta, seier Jørgensen.

Ila langsamt
I fjor løyvde Fylkesmannen 6,5 million kroner frå skjønnsmidlane til dei fem satsingskommunane. Askøy og Fjell fekk 1,25 millionar kvar. Ikkje alle pengane vart brukte.

– Her gjeld det å ila langsamt. Vi hadde ikkje teke høgd for så veldig mange tiltak første året. Før vi handlar, må vi ha oversikt over situasjonen og velja tiltak og innsatsområde ut frå det, seier Riise.

Les meir om fylkesmannen si satsing på barn og unge.

3 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s