Sel unna verdiane i Atlantic Offshore

Atlantic Offshore AS sel skipa, sikrar 400 arbeidsplassar og styrer mot konkurs.

Roy Wareberg held fram som dagleg leiar i det nye selskapet Aegopodium AS.
Roy Wareberg held fram som dagleg leiar i det nye selskapet Aegopodium AS.

Hovudaksjonær Knut Øgreid kjøper dei inngåtte kontraktane, flesteparten av fartøya og mannskapsdelen i Atlantic Offshore for 16,9 millionar kroner, framkjem det av ei pressemelding frå verksemda i dag.

Nytt selskap
Formell kjøpar er det nyoppretta selskapet Aegopodium AS, eigd 100 prosent av H. Øgreid & Sønner AS. Det nye selskapet får ein eigenkapital på 70 millionar kroner, korav Øgreidfamilien har bidrege med 50 millionar. Resten er lån frå panthavarane.

Før nedskrivinga av flåten i februar i år, var Atlantic Offshore sine eigedelar verdsette til 2,3 milliardar kroner. Ved årsskiftet hadde verksemda ei samla gjeld på oppimot 2,3 milliardar kroner. Eigenkapitalen var på 238 millionar.

Inngåtte kontraktar sikrar drifta for fleirtalet av skipa ut året.

Krevjande tid
– Dei siste månadane har vore ekstremt krevjande. Dei siste vekene har vi halde fram drifta med garanti frå panthavarane, og vi er glade for at vi no endeleg har koma til ei løysing, seier dagleg leiar Roy Wareberg i Atlantic Offshore AS i pressemeldinga.

Wareberg held fram som dagleg leiar i det nye selskapet.

Reforhandla kontraktar
– Den svake marknaden vil vera ei utfordring i mange år framover. Vi er nøydde til å ta grep for å sikra at vi framleis skal vera konkurransedyktige. Fleire av kontraktane skal reforhandlast i løpet av året, seier Wareberg.

Styrt konkurs
Når verdiane i Atlantic Offshore er overførte til Aegopodium AS, vil Atlantic Offshore og dotterselskapa Atlantic Offshore Beta AS, Atlantic Offshore Delta AS og Team Atlantic AS verta innlevert til skifteretten. Det same er tilfelle med fleire dotterselskap i Skottland, ifølgje pressemeldinga.

Stavanger
Den stavangerbaserte Øgreid-familien har til no eigd 76,4 prosent av aksjane i Atlantic Offshore, i følgje ein selskapspresentasjon utarbeida i samband med den havarerte refinansieringsplanen tidlegare i vinter.

Brot med lånebetingelsane
Atlantic Offshore har i lengre tid vore i brot med lånebetingelsane. Forsøka på å styrka eigenkapitalen førte ikkje fram.

I mars sa fleirtalet av dei usikra obligasjonseigarane nei til eit forslag til refinansieringsplan for eit obligasjonslån på 500 millionar kroner. Obligasjonseigarane ligg an til å tapa heile beløpet når det som er att av Atlantic Offshore går konkurs.

Les også:
Inga løysing for Atlantic Offshore
Kritiske dagar for Atlantic Offshore
Atlantic Offshore i låneskvis

Advertisements

3 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.