Kobbeltvedt har blitt seriegründar innan eigedom

Senterpartirepresentanten Johannes Kobbeltvedt i Fjell har blitt seriegründar innan eigedomsutvikling.

Johannes Kobbeltvedt
Eigedomsutviklaren Johannes Kobbeltvedt er einaste senterpartirepresentanten i kommunestyret i Fjell. På landsbasis jobbar partiet for å ta vare på dyrka og dyrkbar jord.

Kobbeltvedt, som frå før er styreleiar mellom anna i Soli Eigedom AS, har dei siste månadane oppretta heile fire nye verksemder. Kobbeltvedt er styreleiar i alle selskapa. Alle har eigedomsutvikling som føremål.

Vanleg praksis
-Kvar av verksemdene skal stå for utviklinga av ein av eigedom. Dette er ein heilt vanleg måte å gjera det på, seier Kobbeltveit i ein kort kommentar til Tunnelsyn. Helst ser han at vi ikkje skriv noko om saka, fordi det lett vert så mykje styr.

Grunneigarar
Med seg i styret på samtlege av selskapa har han Petter Hellevik, Wenche Iren Snekkevik og Ole Jan Gavlen. Dei tre eig, eller representerer, store grunneigarar i området Straume – Snekkevik – Ebbesvik, som dei ønskjer å utvikla med bustadar. Totalt kan det vera snakk om så mykje som 3.000 – 4.000 bustadar.

– Soli Eigedom AS vil halda fram som holdingselskap, seier Kobbeltvedt til Tunnelsyn.no.

Startkapital
Tre av dei nye verksemdene har fått ein startkapital på 30.000 som er lova sitt minimum for å starta aksjeselskap. Soli AS, har fått litt meir 54.580 kroner.

-Er ikkje dette litt lite kapital i høve til det de ønskjer å gjera?

-Vi kjem til å leggja pengar inn i utviklinga etterkvart. Dette er langsiktige satsingar. Kanhende får vi også nokre pengar frå kommunen, seier Kobbeltvedt.

Inga forskottering
Soli Eigedom AS har lenge jobba for å få til ein avtale med Hordaland fylkeskommune og Fjell kommune om forskottering av den nye planlgate fylkesvegen til Ebbesvik, noko dei er avhengig av for å kunne utvikla områda. Her har dei framleis ikkje kome til noko løysing.

– Det trur eg ikkje vi skal håpa på, seier Kobbeltvedt.

Johannes Kobbeltvedt er også styreleiar i EKK Eigedom AS som han eig saman med søskena sine.

Dette er dei nye verksemdene:
Soli AS
Ebbesvik Næringsområdet AS
Soli Geitvika AS
Soli Properties AS

Her finn du oversikten over alle dei 45 nyetableringane i Fjell dei tre første månadane i år.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.