Vegdirektøren ville ikkje snakka om økonomien i Sotrasambandet

Sotrasambandet stod ikkje på dagsorden då Vegdirektør Terje Moe Gustavsen møtte politikarar, samferdsle- og næringslivstoppar i Hordaland til felles til innspel- og høyringsmøte om Nasjonal Transportplan.

Innføringa av OPS-ordninga kompliserer gjennomføringa av Sotrasambandet for Vegdirektør Terje Moe Gustavsen i Vegdirektoratet.
Innføringa av OPS-ordninga kompliserer verkeleggjeringa av Sotrasambandet for Vegdirektør Terje Moe Gustavsen i Vegdirektoratet.

Målet med møtet i dag var å freista og trekkja retningslinene for eit felles høyringsinnspel til utkastet til Nasjonal Transportplan for 2018 – 2029 frå heile fylket.

Arrangørar var Hordaland fylkeskommune, Bergen Kommune, NHO, LO, Bergen Næringsråd og Næringsalliansen.

Manglar øyremerka midlar
Nytt Sotrasamband er vedteke som eit offentleg – privat samarbeid (OPS). I forslaget til ny NTP er sambandet likevel ikkje tildelt noko øyremerka sum til bygging, utover 100 millionar kroner til planlegging. For Sotrastrilane kan det difor verta vanskeleg å koma med høyringsinnspel til noko vi ikkje veit kva inneber.

– Sotrasambandet står ikkje på dagsorden her i dag. Korleis skal vi Sotrastrilar tolka det? spurte Tunnelsyn Vegdirektør Terje Moe Gustavsen.

Håpar på byggestart i 2017
– Sotrasambandet er inne i NTP frå 2015. Sambandet vert bygd, det vert det. Vi ser den utviklinga som skjer på Sotra. Det verste som kan skje, er at sambandet vert utsett, men sei ikkje at eg seier at det vert utsett, svarte Terje Moe Gustavsen.

Vegdirektoratet treng tid til å få alt det formelle kring OPS-ordninga på plass. Dei håpar det skal skje slik at byggestart kan skje som planlagt i 2017, la Moe Gustavsen til.

– Sambandet vert bygd, også om bompengane vert over 100 kroner? Kan du seia noko om kor stor andel av OPS-potten vi får?

– Eg ønskjer ikkje å snakka om økonomi.

Tok det heilt roleg
Varaordførar Tom Georg Indrevik (H) frå Fjell tok mangelen på merksemd kring vårt lokale brusamband i det viktige møtet med fatning.

– Ingen av OPS-prosjekta i NTP er tildelt øyremerkja midlar. Som OPS-prosjekt skal dette ut på anbod. Før anboda er klare, går vi ikkje ut med summar. Klarar vi å spara pengar, vert det rimelegare for bilistane, sa Indrevik.

Gjera vår del av jobben
-No gjeld det å verta samde om reguleringsplanen og få ferdig bompengesøknaden. Når det er gjort, er eg overtydd om at det ventar pengar til oss i andre enden, sa Indrevik.

Korvidt vi får ja på bøna om auka statleg andelen av finansieringa vert, ønska han likevel ikkje å spå om. Fjell, saman med Sund, Øygarden og Bergen har tidlegare vore på Stortinget for å be dei auka den statlege finansieringa frå to til 4,9 milliardar kroner. Sambandet er kostnadsrekna til 8,9 milliardar kroner.

Ikkje rota det til
Kremen av vårt lokale næringsliv hadde også funne vegen til Bergen Næringsråd sine lokale. Frå Liegruppen møtte Roy-Eddy Lie og Jan Arthur Nilssen. Cristian Carter Valdes representerte CCB.

– På overordna nivå verkar dette lovande. No gjeld det at vi står på det som er sagt og ikkje rotar det til, slik det har vore åtvart mot, sa Carter Valdes til Tunnelsyn.

Les også:
Statens vegvesen i tåka om finansieringa av Sotrasambandet
Sotrasambandet sett på vent
Ba Stortinget om 4,9 milliardar til Sotrasambandet

Advertisements

6 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s