Fjell vil subsidiera børsnotert utbyggingsgigant

FrP-representanten Daniel Victor Sandvik køyrer nærast over tærne til skuleelevane når han køyrer over Gamle Straumsbru. Den underskotstruga vekstkommunen Fjell kan likevel koma til å subsidiera den børsnoterte utbyggjargiganten Veidekke ASA med fleire millionar kroner dei komande åra, vert utbyggingsavtalen for Straume Sjøfront vedteken.

Gamle Straumsbru er så smal at Daniel Victor Sandvik (FrP) opplever der som om han køyrer over tærne til dei gåande. Likevel vil han ikkje krevja at utbyggjar skal sørgja for trafikksikringa av brua.
Gamle Straumsbru er så smal at Daniel Victor Sandvik (FrP) opplever der som om han køyrer over tærne til dei gåande. Likevel vil han ikkje krevja at utbyggjar skal sørgja for trafikksikringa av brua.

Skandaleprosjektet Straume Sjøfront har vore feil handsama heilt frå starten. Alle åtvaringar om at sundet har blitt farleg å ferdast gjennon i båt som følgje av utbygginga, har prella av. Utkastet til utbyggingsavtale som vart presentert i Komite for Plan og utvikling (KPU) denne veka underbyggjer innbyggjarane på Straume sine mistankar om at kommunen ikkje har ryggrad til å stå opp for våre interesser.

Hovudpunkta i avtalen
Den smale og svingete Bildøyvegen skal fungera som tilkomst for køyrande til dei 250 planlagte bustadane på Straume Sjøfront. Garasjeanlegget på området er dimensjonert for 350 bilar. Naboane til Bildøyvegen kan dermed risikera at trafikken utanfor hagegjerdet vert dobla frå 1.600 bilar til over 3.000 bilar i døgnet som følgje av utbygginga.

Bildøyvegen vert i dag nytta som gang- og sykkelveg mellom Straume sentrum og skulesenteret på Bildøy.

Gjennomgåande fortau manglar

Trafikken vil verta dobla i Bildøyvegen som følgje av utbygginga av Straume Sjøfront. Utbyggjar skal likevel sleppa unna kravet om å byggja fortau.
Trafikken vil verta dobla i Bildøyvegen som følgje av utbygginga av Straume Sjøfront. Utbyggjar skal likevel sleppa unna kravet om å byggja fortau.

Trass i den forventa trafikkeksplosjonen i Bildøyvegen skal utbyggjar likevel sleppa å opparbeida eit gjennomgåande fortau frå Straume sentrum til Straume Sjøfront, og vidare frå Straume Sjøfront til skulesenteret på Bildøy.

Utbyggjarane vert heller heller ikkje pålagt å oppgradera den smale Gamle Straumsbru, trass i at det ligg inne i den vedtekne reguleringsplanen.

Køyrer over tærne til skuleelevane
– Eg køyrer over Gamle Straumsbru dagleg. Brua er så smal at eg nærast køyrer over tærne til skuleelevane, sa Daniel Victor Sandvik (FrP) då komiteen drøfta utkastet til utbyggingsavtale.

Medlemmane i KPU frykta at dei ved å stilla for store krav til utbyggjarane risikerte at prosjektet ikkje vert noko av. Den utsprengte fyllinga i Straumsundet vert i så fall liggjande som eit skammas monument. Sandvik protesterte difor ikkje mot at utkastet til utbyggingsavtale skal leggjast ut på høyring.

0-visjon for trafikksikring
Vert utkastet til utbyggingsavtale vedteken, vert det opp til Fjell kommune å sørgja for trafikksikringa som er naudsynt for at folk kunna ferdast trygt langsmed Bildøyvegen.

Grunna den anstrengte budsjettsituasjonen har kommunen i år ein 0-visjon for trafikksikring, med eit dokumentert behov på oppunder 500 millionar, og eit budsjett på fem millionar til føremålet.

Kamuflert eigartilhøve
Formell utbyggjar av Straume Sjøfront er Straumesundet Bolig AS. Den nyetablerte verksemda har ei eigarkapital på 30.000 kroner. Kven som er aksjonærar framkjem ikkje, men styret er samansett av personar med tette band til Veidekke ASA og til Stangeland gruppen AS i Sola.

Monopol
Reguleringsplanen til Straume Sjøfront vart opphaveleg utvikla av Sartor Holding AS og dotterselskapet Altus Eiendom AS. I likhet med Straumehagen og Kystbygarasjen er Straume Sjøfront verkeleggjort i samarbeid med Veidekke ASA. Børsgiganten synes å ha fått einerett og attraktive vilkår for gjennomføring og kjøp av dei store prosjekta midt i indrefileten på Straume.

Med ei total omsetning på over 24 milliardar kroner, er Veidekke ASA den 29 største verksemda i Norge. Den børsnoterte utbyggjargiganten fekk i fjor eit overskot på drifta på 950 millionar kroner før skatt – tilsvarande to tredelar av årsbudsjettet til Fjell kommune.

Les også:
Skatteinntektene sviktar
Fryktar auka gjennomgangstrafikk gjennom Bildøyvegen

4 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s