Få inspirasjon til helgeturar i Sund

Kystpass er Sund Turlag sin inspirasjonsguide til friluftsglade Sotra-strilar.

Veten 284 meter over havet - toppturen i Sund.
Veten 284 meter over havet – toppturen i Sund.

Lar du deg fascinera av Sotralandskapet, og søkjer inspirasjon til nye turar? I årets utgåve av Kystpasset finn du heile 16 ramsalte forslag til turar i det flate landskapet sør på Sotra.

Kvar tur har ein kort omtale, komplett med kart, bilete og informasjon om parkering og anna du treng vita for å planleggja ei vellukka tur.

Fleire av turane går i sjøkanten. I år har dei også fått med ein padletur frå Glesvær til Risøyna. Løypene finst i alle delar av kommunen. Dei fleste turane tek 2 – 3 timar, med normal gange.

I Kystpasset kan du også finna informasjon om turprogrammet til Sund Turlag, Barnas Turlag og Seniorgruppa dette året. Her har Turlaget verkeleg lagt seg i selen for å lokka med seg sundsokningar i alle aldre ut i terrenget.

Du skal vera bra nerdete om ikkje Kystpasset til Sund Turlag lokkar deg til å ta ein tur ut i terrenget.
Du skal vera bra nerdete om ikkje Kystpasset til Sund Turlag lokkar deg til å ta ein tur ut i terrenget.

Kystpasset kan du få på Biblioteket og på kommunehuset.

Posta av

Redaktør med sterkt samfunnsengasjement.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.