– Stopp lærarflukten frå Tjeldstø skule

Fire av lærarane ved Tjeldstø skule har søkt seg vekk til hausten. Pappa Espen Harkestad er uroleg for læremiljøet til dottera Nadin og dei andre elevane ved Tjeldstø skule.

- Øygarden bygde nye skule på Tjeldstø i håp om å skapa ein god areidsplass der lærarane ville trivast og skapa stabilitet og godt læremiljø for ungane, seier Espen Harkestad, her med dottera Nadin (tv) og venninna Olivia Helle.
– Øygarden bygde nye skule på Tjeldstø i håp om å skapa ein arbeidsplass der lærarane ville trivast og skapa stabilitet og godt læremiljø for ungane, seier Espen Harkestad, her med dottera Nadin (tv) og venninna Olivia Helle.

Hyppige lærarskifter, vikarar for vikaren og mange timelærarar pregar undervisninga ved Tjeldstø skule heilt nord i Øygarden. No krev bekymra foreldre tiltak som kan bidra til å stabilisera lærarsituasjonen ved barneskulen.

Seks lærarar på fem år
Når Harkestad går ut og ropar varsko, er det avdi yngstedottera, elleveåringen Nadin som går i femte klasse, no har sin sjette lærar. Arbeidarpartirepresentanten tok opp det han karakteriserer som lærarflukt i siste møte i kommunen sitt administrasjonsutval.

Skapa stabilitet
– Skulen bør freista skapa stabilitet og tryggleik i læremiljøet. Det er ein fordel for både lærarar og elevar at dei kjenner kvarandre og er trygge på kvarandre, seier Harkestad som har diskutert situasjonen i foreldregruppa.

Søkjer seg vekk
Ein gjennomgang av søkjarlistene til ledige lærarjobbar i kommunen viser at utskiftningane i lærarstaben ser ut til å halda fram. Heile fire av lærarane ved skulen har søkt overføring vekk frå Tjeldstø skule til hausten.

Møte med rektor
– Klart vi foreldre er bekymra. Det at tre heile kontaktlærarar søker seg vekk til hausten er ikkje bra. Dette er ingen god situasjon, seier FAU-leiar May-Britt Heggholmen som sjølv har ungar i første og andre klasse.

FAU-leiaren har hatt møte med rektor for å få vita meir om situasjonen.

– Eg var nok meir bekymra før møtet enn etter. Det er jo ikkje sikkert at alle som har søkt seg til andre stillingar også vil få søknaden innvilga. Dette må vi få avklart før ferien, seier Heggholmen.

Ønskjer ikkje å spekulera
Verken Harkestad eller Heggholmen ønskjer å spekulera i årsakane til dei mange utskiftingane i lærarstaben ved Tjeldstø skule. Dei ser at det kan vera mange grunnar til å søkja overføring.

– Dersom søknaden om overføring skuldast mistrivsel, er det ikkje noko triveleg å gå på jobb, seier Heggholmen.

Avviser dramatikk
Kommunalsjef Rune Landro i Øygarden kommune ser ingen dramatikk i situasjonen. At lærarar ønskjer å flytta på seg, er heilt normalt. Ein av lærarane som no har søkt overføring internt i kommunen har dessutan berre 20 prosent stilling, utdjupar han i ein epost til Tunnelsyn.

Etterlyser tiltak
Ein bekymra Harkestad lar seg ikkje beroliga av svaret frå kommunalsjef Landro.

– Dette er ikkje normalt. Kva vil kommunen gjera for å stabilisera lærarsituasjonen ved Tjeldstø skule. Vi kan ikkje leva berre med vikarar, spør Harkestad.

Tjeldstø skule var ny hausten 2015. Skulen har kring 100 elevar på barnetrinnet.

– Vi bygde ny skule nettopp for å gjera det til ein god arbeidsplass, slik at lærarane skulle trivast og skapa stabilitet og godt læremiljø for ungane, seier Harkestad.

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s