Kreditorane tapar 1/2 milliard – Atlantic Offshore konkurs

Etter å ha seld unna storparten av verdiane, har styret i Ågotnes-rederiet Atlantic Offshore AS i dag sendt selskapet til skifteretten.

Eit usikra obligasjonslån på 500.000 millionar kroner utgjer største gjeldsposten i buet til Atlantic Offshore AS.
Eit usikra obligasjonslån på 500 millionar kroner utgjer truleg største gjeldsposten i buet til Atlantic Offshore AS.

Dette framkjem av ei melding sendt frå Oslo Børs fredag ettermiddag.

Eit usikra obligasjonslån på 500 millionar er truleg største gjeldsposten i buet.

Hovudaksjonær kjøpte
Det vart tidlegare i veka kjend at hovudaksjonær Knut Øgreid i Stavanger har kjøpt kontraktar og flesteparten av skipa med eit mannskap på 400 for 16,9 millionar kroner.

Totalt skal 12 av dei 18 skipa vera selde, saman med ei gjeld på 1,4 milliardar kroner, ifølgje Dagens Næringsliv.

Då salet vart kunngjort, fekk kreditorane freist på 90 dagar til å koma opp med eit høgare bod. Det framkjem ikkje av børsmeldinga korvidt salet er gjennomført, eller om konkursen er ein konsekvens av dei mange protestane frå dei usikra obligasjonseigarane  mot salet.

Oslo
Konkursbuet skal handterast ved Oslo byfogdembete. Oppnemnd som bustyrar er Stine Snertingdalen i advokatfirmaet Kvale.

Les også:
Sel unna verdiane i Atlantic Offshore AS
Kritiske dagar for Atlantic Offshore

2 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s