Draumeoppdrag for kulturstudentar

Olav Toft-samlinga gjenopnar snart i nye lokale i gamleskulen på Tofterøy. Den nye utstillinga er det kulturstudentane Janis Ann Hofmann og Mona Karin Boge som har hatt ansvaret for.

Tamburtromba vart opphaveleg nytta i kring, men spelte seinare ei sentral rolle i bryllaup. No får ho heidersplassen i Olav Toft-samlinga. Einar Hjørnevik, Mona Kristin Boge og Janis Ann Hofmann monterer den perlebroderte selen.
Tamburtromba vart opphaveleg nytta i kring, men spelte seinare ei sentral rolle i bryllaup. No får ho heidersplassen i Olav Toft-samlinga. Einar Hjørnevik, Mona Kristin Boge og Janis Ann Hofmann monterer den perlebroderte selen.

For å heidra opphavsmannen, skiftar samlinga namn samstundes med flyttinga, frå Sund bygdemuseum, til Olav Toft-samlinga, seier kultursjef Laila Klemetsaune i Sund til Tunnelsyn.

Riddar av St. Olav
Olav Toft (1922 – 2007) frå Tofterøy heilt sør i Sund, var eigentleg fiskar og snikkar. Han hadde ei sterk interesse for lokalhistorie, arkeologi og kulturminnevern, og vart utnemnd til Riddar av 1. klasse av St. Olavs orden for innsatsen, fortel Klemetsaune.

2000 år
På slutten av 1950-talet oppfordra Toft sundsokningane om å levera inn gjenstadar dei meinte burde takast vare på for etterslekta. Resultatet vart ei samling på meir enn 500 gjenstandar med eit tidsspenn på 2000 år, frå steinalderen og fram til utpå 1960-talet.

Kvardag og fest

Kom ikkje å sei at Sotrastrilen var fattig. Sengetøyet Mona Kristin Boge viser har bord i uttrekssaum og vart nok spart til særlege høve.
Kom ikkje å sei at Sotrastrilen var fattig. Sengetøyet Mona Kristin Boge viser har bord i uttrekssaum og vart nok spart til særlege høve.

– Tyngda i utstillinga er frå 1800 – 1900-talet, og omfattar gjenstandar frå kvardagsliv, fiske og handel. Utstillinga fortel og om festlege samkome som bryllaup, fortel studentane Janis Ann Hofmann (kulturvitskap) og Mona Karin Boge (arkeologi).

Kulturstudentar
Dei to kulturstudentane går dette året på faget ”Tverrfagleg praksis i arbeidslivet” ved Universitetet i Bergen. Denne vinteren har dei hatt det faglege ansvaret for å dokumentera samlinga på Berge, pakka ned samlinga og setja ho opp at i dei nye lokala på Tofterøy.

Oppdraget har vore todelt: Dei skal laga ein publikumsvenleg presentasjon av samlinga. Samtidig skal dei sikra gjenstandane frå tidas tann, utan at det er deira ansvar å restaurera øydelagte ting.

Opnar for publikum
Kring to tredelar av samlinga vil stå framme når dørene på Tofterøy opnar for publikum.

Eindel nyare gjenstandar, som desse veskene frå 1950-talet er det også funne plass til, viser Janis Ann Hofmann.
Eindel nyare gjenstandar, som desse veskene frå 1950-talet er det også funne plass til, viser Janis Ann Hofmann.

– Ein viktig del av arbeidet har gått ut på å velja ut dei gjenstandane som best illustrerer den opphavelege bruken, fortel Boge.

Gjenstandar som er i dårleg stand, eller som det finst det fleire eksemplar av, skal heretter lagrast på ein trygg stad.

Blogg
Målet er å laga ei utstilling som er mest mogleg sjølvforklarande. Dei besøkjande skal kunna gå rundt på eiga hand, dersom dei ønskjer det, seier Hofmann.

Som ledd i arbeidet med å dokumentera samlinga, har studentane også starta ein blogg. Her kan vi få ei kort innføring i livet til Olav Toft, arbeidet med flyttinga av samlinga og detaljar om bakgrunnen til nokre av gjenstandane.

Trellevik Kystkultursenter
Sund kommune har inngått avtale med Stiftinga Trellevik Kystkultursenter om at dei skal stå for det praktiske i tilknyting til opningsdagane.

Opningsdato er ikkje fastsett. Kultursjefen håpar å ha alt på plass i løpet av mai.

Steinalderbuplass
Einar Hjørnevik sit i arbeidsgruppa som har hatt ansvaret for flyttinga av Olav Toft-samlinga, og har hjulpe jentene med det praktiske. Han er også medlem i Stiftinga Trellevik Kystkultursenter.

Overtakinga av Olav Toft-samlinga har gjeve dei kulturinteresserte på Tofterøy blod på tann. Planane er mange, fortel ein engasjert Hjørnevik.

Å få laga ein video står høgt på ønskjelista. I neste omgang håpar dei å kunna visa publikum ein av steinalderbuplassane som Olav Toft oppdaga, i gangavstand frå skulehuset, fortel Hjørnevik.

Draumeoppdrag
– Vi har vore heldige og hatt frie tøylar. Dette har vore eit draumeoppdrag for studentar som ønskjer ein framtidig jobb innan kulturminnebevaring, seier Mona Karin Borge. Janis Ann Hofmann nikkar samd.

Avhengig av lokale eldsjelar
– Studentane har gjort ein utruleg god jobb. Utan dei hadde ikkje vi hatt ressursar til å gjennomføra dette på ein fagleg forsvarleg måte, rosar Klemetsaune.

Mykje av kulturlivet i Sund skjer på frivillig basis. Slike prosjekt som dette hadde ikkje vore mogeleg utan innsatsen til lokale eldsjelar, rosar kultursjefen.

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.