Forbehald i tilbodet på Grindgut kostar bilistane 27 millionar ekstra

Då Statens vegvesen tildelte IBM kontrakten på utviklinga av Autopassløysinga Grindgut, oversåg dei at dataleverandøren hadde teke forbehald om risiko i tilbodet.

Statens vegvesen burde ha forstått at tilbodet frå IBM ikkje kunne aksepterast med dataleverandøren sine forbehald, meinar Borgarting lagmannsrett og erkjente konkurrenten 27 millionar i erstatning og sakskostnadar.
Statens vegvesen burde ha forstått at tilbodet frå IBM ikkje kunne aksepterast med dataleverandøren sine forbehald, meinar Borgarting lagmannsrett og erkjente konkurrenten 27 millionar i erstatning og sakskostnadar.

Det havarerte datautviklingsprosjektet Grindgut har så langt kosta norske bilistar 170 millionar kroner. Bilistane i bomringen i Bergen har bidrege med 10,5 millionar.

Feil Statens vegvesen gjorde i innkjøpsprosessen kosta bilistane 27 millionar ekstra, i erstatning og sakskostnadar.

Anbod365
Det er Anbod365, einaste norske nettavisa med offentlege innkjøp som fagområde, som har kome til denne konklusjonen etter å ha gått gjennom dommen i Borgarting lagmannsrett.

Innkjøpet vart gjennomført som konkurranse med forhandling. IBM og Bt Signaal stod att i siste runde. Bt Signaal hadde ikkje teke forbehald. Det hadde IBM.

Feil i anbodsprosessen
Etter lagmannsretten sitt syn burde Statens vegvesen ha forstått at tilbodet frå IBM ikkje kunne aksepterast med dataleverandøren sine forbehald.

Statens vegvesen vurderte dei to konkurrentane nokonlunde likt, med Bt Signaal på andreplass. Bt Signaal ville ha fått kontrakten dersom Statens vegvesen ikkje hadde gjort feil i anbodsprosessen, konkluderte lagmannsretten.

Les saka på Anbod365

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s