Indrevik med forslag til Vegdirektøren

Vegdirektoratet bør vurdera å seinka krava til standard på veg og trafikksikringstiltak på kommunale vegar. Dagens krav gjer det vanskeleg for vekstkommunar som Fjell å finansiera naudsynte utbetringar, meinar varaordførar Tom Georg Indrevik.

Bildøyvegen. Trafikksikring
Gamlevegen over Bildøy er skuleveg. Bussen må stoppa og venta for at privatbilane skal kunna smyga seg forbi. Undervegs i planlegging av naudsynte utbetringstiltak har kostnadane blitt tilnærma dobla.

Vegdirektoratet nyttar i dag stadarden N100 når dei fastset krava til nye tiltak på vegnettet.

N92?
– Krava i N100 gjer at naudsynte utbetringstiltak på det kommunale vegnettet vert så kostbare at vi ikkje har råd til å gjennomføra dei, sa Indrevik under høyringsmøtet for Nasjonal Transportplan onsdag denne veka.

Tilstade i salen var mellom anna vegdirektør Terje Moe Gustavsen og vegsjef Helge Eidsnes i Hordaland.

Tom Georg Indrevik.
Varaordførar Tom Georg Indrevik (H) oppfordra Vegdirektør Terje Moe Gustavsen om å utforma foreinkla standardkrav for utbetring og sikring av kommunale vegar.

– Kan vi få ein alternativ standard, ein N92, eller noko tilsvarande, med noko mindre omfattande krav. Då får kommunane råd til å gjennomføra fleire tiltak, føreslo Indrevik.

– Tiltaka må sjåast i samanhang med bruken. Det verkar meiningslaust å laga ein ny gang- og sykkelveg med ei breidde på 5,5 meter, når sjølve vegen er 3,5 meter, sa Indrevik.

Opprustinga av gamlevegen over Bildøy var truleg eitt av dei tiltaka varaordføraren hadde i tankane. Tiltaket som skulle ha vore påbegynt i 2014, har i løpet av planlegginga blitt tilnærma dobla i pris, samanlikna med dei 20 millionane det vart budsjettert med.

Les også:
Kostnadssprekk på Bildøyvegen

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.