Ingen konkursar i Sund eller Øygarden

Det vart opna totalt 16 konkursar i Fjell og Askøy dei tre første månadane i år. Ingen bedriftseigar registrerte i Sund eller Øygarden måtte gå den tunge gangen til skifteretten.

Av dei sju verksemdene frå Fjell som måtte levera buet til skifteretten i perioden, var det seks aksjeselskap og eit einkeltpersonføretak.

I Askøy vart det til saman registret ni konkursopningar. Her var det seks aksjeselskap og tre einkeltpersonføretak som måtte leggja inn årane.

Eldre enn snittet
Snittalderen på norske verksemder er fem år. Fleirtalet av dei konkursråka verksemdene hadde lengre levetid. Ei vart starta før årtusenskiftet. Tre av verksemdene fekk ei levetid kortare enn to år. Ytterlegare tre var yngre enn fem år.

Eigenkapital over minimum
Om vi ser på eigenkapitalen, hadde dei håpefulle eigarane til to av verksemdene lagt 200.000 kroner eller meir på bordet til dekning av kostnadar og naudsynte investeringar.

Heile seks av aksjeselskapa hadde ein eigenkapital mellom 100.000 og 200.000 kroner. Berre tre selskap oppfylte det som i dag er lova sitt minimumkrav, 30.000 kroner.

Dette er dei konkursråka verksemdene i Fjell:
AQ Railing AS
C-Gulv AS
Firkløveren Blomster AS
Nilsen Jon Eilif Dahle
Sartor Fargehandel AS
Vei og Vedlikehold Vest AS
Nordvik Steinar AS

I Askøy:
Designermade AS
Diaconu Vlad
Eventyrlyst
Juvik Cafe & Pizzeria AS
Klein Radoslaw
Mæhle Service AS
RG Entrepenør AS
Stillas24 AS
Helland AS

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s