Klimaadvokaten

Motorvegprofetane i Hordland møter aukande motstand. Nils Tore Skogland er henta inn for å vera klimaet og Naturvernforbundet Hordaland sin talsmann i diskusjonen om Nasjonal Transportplan.

Ungdomen føl med på det Nils Tore Skogland, dagleg leiar i Naturvernforbundet Hordaland seier i klimspørsmål.
Ungdomen føl med på det Nils Tore Skogland, dagleg leiar i Naturvernforbundet Hordaland, seier i klimspørsmål.

– Målkonfliktane må vi tørra å ta. Målkonfliktane må vi leva med, var fylkesordførar Anne Gine Hestetun (A) sin bodskap til dei kring 120 deltakarane på innspels- og høyringsmøtet om NTP 2018 – 2029 sist veke.

Målkonfliktar
Største målkonfliktane i arbeidet mot eit felles høyringsinnspel til den nye samferdselsplanen er ikkje mellom ferjefri E39 og Sotrasambandet, eller mellom E39 og jernbanen mellom Voss og Bergen. Største målkonflikten er mellom dei mange store motorvegprosjekta i Bergensområdet og ivaretakinga av klimamåla.

Skal vi sikra at jorda vert ein god stad å leva for etterslekta, held det ikkje med fine ord. Vi må byrja å tenkja og handla annleis.

På talarlista
På talarlista på høyringsmøtet, etter Vegdirektør Terje Moe Gustavsen og leiiande politikarar frå Bergen og regionane, men før transportnæringa sin talsmann, stod Nils Tore Skogland. Dagleg leiar i Naturvernforbundet Hordaland.

Naturvernforbundet Hordaland har eiga ressursgruppa som jobbar med klima og transport. Her jobbar dei for å få fram forskingsbasert kunnskap om korleis vala våre av transportmåtar påverkar klima og miljø.

Sotrasambandet
Korleis kan planane om eit seksfelts Sotrasamband og ny ringveg kring Bergen samsvara med klimaforliket om å redusera klimagassutsleppa i Norge? Målet er jo at all auke i persontransporten skal takast av kollektiv, syklande og gåande, og at Bergen skal verta fossilfri innan 2050? spør Skogland.

Mytane om 0-utslepp
Trudde du at 0-utsleppsbilar ikkje påverkar klimaet? Eller at biodiesel er eit meir bærekraftig drivstoff enn bensin og diesel? Skogland argumenterer det han kan for å overtyda deg om at dette er mytar som ikkje toler vitskapleg etterprøving.

Utslepp frå produksjon
Tek vi produksjonsprosessen med i reknestykket, ser vi at elbilar er langt frå utsleppsfrie, slik som produsentane hevdar.

Som eksempel trakk han fram VW Golf. Ein fossil modell fører til utslepp av totalt 27 tonn CO2 fra produksjon og køyring av 200.000 km, i følgje NTNU og VW. Frå ein tilsvarande elektrisk e-golf vert produksjonsutslepp og 200.000 km kjøring på fornybar energi heile 11 tonn C02, hevdar Skogland.

-Effektane av betre bilteknologi vert overskugga av auka bilkøyring, hevdar Skogland.

Underbyggjer behov for nye vegar
Elbilane underbyggjer dessutan behovet for nye vegutbyggingar. På våre kantar krev nye vegutbyggingar store areal. I tillegg følgjer anten behov for deponering av store steinmassar, eller oppgraving av myrområde der det er lagra store mengder metan, som er ein klimagass som inneheld 21 gongar så mange C02-ekvivalentar.

Og kva med alt svevestøvet elbilane virvlar opp? spør Skogland.

Frigjer C02
Vegdirektør Terje Moe Gustavsen snakka varmt for biodiesel, eit drivstoff vi ikkje vil få nok av i framtida, hevda han.

Skogland tykkjer det er like greit. Han er langt frå samd om at biodiesel er løysinga:
Når biodiesel forbrenn, vert det frigjort C02, akkurat som ved forbrenning av fossile brensel. Plantematerialet biodiesel er laga av er fornybart. Det vil likevel ta 350 år før C02 som vert frigjort ved forbrenning av biodiesel igjen er lagra i naturen, har forskaren Bjart Holstmark rekna ut.

Paradoks eller schizofreni?
I februar samla Naturvernforbundet full sal på Litteraturhuset for presentasjonen av ”Motorvegparadokset”. I mars inviterte dei seg sjølv til utval for miljø og samferdsel i Hordaland fylkeskommune for å snakka om det dei karakteriserte som den schizofrene samferdselspolitikken i fylket, og særleg i Bergensområdet.

– Eg trur ikkje vi er så veldig usamde, konkluderte representanten Jon Askeland frå Radøy (Sp) då Skogland og kollega Gabriel Fliflet hadde lagt fram for politikarane på fylkeshuset det dei har på hjarta.

Tyngde nok?
Behovet for nye vegar i Bergensområdet er prekært. Klima står høgt på dagsorden. Fylkesordføraren seier vi må leva med målkonfliktar. Har Skogland og Naturvernforbundet Hordaland tyngde nok i argumentasjonen til å endra det dei karakteriserer som den schizofrene samferdselspolitikken i fylket?

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s