Dramatisk fall i søkjartalet til undervasstudiet

Konjunktursvingningane innan offhore-næringa har svekka interessa for utdanning innan oljerelaterte fag.

HIB logoTalet på søkjarar som har ingeniørstudiet i undervassteknologi på Straume som førsteval er halvert samanlikna med i fjor, viser søkjartala til samordna opptak til universitet og høgskular landet over som no er klare.

Tala avslører ein tydeleg tendens til at ungdomen denne våren i aukande grad vel å satsa på andre karrierevegar enn olje og gass.

Færre førsteval
Høgskulen i Bergen oppretta ingeniørstudiet i undervassteknologi på Straume i 2006 for å utdanna ungdom til med tanke på å dekka behova til verksemdene i subsea-klyngen på Ågotnes.

I år var det 41 primærsøkjarar til studiet som har 54 studieplassar. For eitt år sidan var det til saman 80 ungdomar som hadde undervasstudiet som sitt førsteval.

Vel trygt
Dei usikre tidene gjer at ungdomane i aukande grad vel trygt, skal vi tru søkjartala. Til samanlikning opplevde Høgskulen i Bergen ein auke i talet på førstevalssøkjarar til sjukepleiarutdanninga med 19 prosent.

Sjukepleiarstudiet er i år meir populært enn på lenge, med 952 førstevalsøkjarar til 170 studieplassar.

Gode utsikter
Utsiktene til at Høgskulen i Bergen skal klara å fylla alle dei 54 studieplassane på Straume bør likevel vera gode. Totalt er det 498 som har søkt om opptak ved studiet. Det er 83 færre enn i fjor.

Nasjonal trend
Interessa for studieplassane på Straume går inn i ein nasjonal trend. Ved NTNU er det denne våren berre 15 som har ingeniørstudiet i olje og gassteknologi som sitt førsteval.

Ved Universitetet i Bergen er det like dystert. Der har dei berre 29 primærsøkjarar til 60 studieplassar i petroleum- og prosessteknologi, og ved Universitetet i Stavanger har dei 39 søkjarar til 54 plassar innan petroleumsteknologi.

undervassteknoloig

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.