Stemte mot å følgja nasjonale satsar for sosialhjelp

For formannskapet i Askøy er det viktigare å halda budsjettet enn å sikra at alle innbyggjarane i kommunen som er avhengig av sosialhjelp får stønad på nivå med dei nasjonale satsane.

500 ungar i Askøy veks opp i familiar med ei inntekt som er under fattigdomsgrensa.
500 ungar i Askøy veks opp i familiar med ei inntekt som er under fattigdomsgrensa.

Sosialhjelpsatsane i Askøy har lenge lege på botnnivå i Hordaland. Dagens satsar tilsvarar dei nasjonale satsane i 2010. Å heva satsane for samtlege mottakarar til 2016-nivå vil kosta 600.000 kroner, ifølgje saksutgreiinga til dagens møte i formannskapet.

100.000 kroner
Det er dei einskilde kommunane sjølv som avgjer nivået på sosialhjelpsatsane.

I budsjettbehandlinga i fjor haust vart det lagt inn rom for å heva satsane med 100.000 kroner – ein sjettedel av det som trengst for å nå det nasjonale nivået for samtlege mottakarar i kommunen. Formannskapet skulle ta stilling til korleis midlane skal fordelast.

Einslege forsørgjarar
Dei 100.000 kronene bør øyremerkjast til einslege forsørgjarar med barn, meinte Arbeidarpartiet, Askøylista og SV.

– Dette vert som å hella eit glas vatn i sjøen, hevda Roald Steinseide (FrP).

Tru mot budsjettet
– Å etterleva dei nasjonale satsane vil kosta ein halv million kroner ekstra. Det vil gå ut over noko anna, innvende Miriam Haavik (A) og fekk heilhjarta støtte frå Rafael Cobo Garrido (SV).

– Kommunen har vedteke eit budsjett. Å vedta å heva satsane utover den ramma som er vedteken, vil kunna skapa presedens. I så fall, kvar går grensa? To millionar? Tre millionar? spurte Garrido.

Nasjonalt nivå

- Det er naturleg å følgja dei nasjonale satsane for sosialhjelp, så lengje vi følgjer dei nasjonale satsane for gebyr innan eldreomsorga, hevdar Rosalind Fosse (Frp) i Askøy.
– Det er naturleg å følgja dei nasjonale satsane for sosialhjelp, så lengje vi følgjer dei nasjonale satsane for gebyr innan eldreomsorga, hevdar Rosalind Fosse (Frp) i Askøy.

Opposisjonen, med Høgre, Framstegspartiet og KrF, fremma i staden forslag om å hevda satsane for samtlege mottakarar av sosialhjelp til nivå med dei statlege satsane for 2016.

-Det er naturleg å følgja dei nasjonale satsane for sosialhjelp, så lenge vi føl dei nasjonale satsane for gebyr innan eldreomsorga, hevda Rosalind Fosse (FrP).

Barnefamiliar
105 barnefamiliar i Askøy var i fjor avhengig av sosialstønad i kortare eller lengre tid for å få endane til å møtast, i kortare eller lengre tid, ifølgje fylkesmannen i Hordaland.

Kvar månad var det i snitt 24 eineforsørgjarar som mottok slik støtte. Vel ein å prioritera denne gruppa, vil dei koma opp på nasjonalt nivå, ifølgje rådmann Eystein Venneslan.

Tekkjer frå barnetrygda
Askøy kommune er ein av dei kommunane i fylket som trekkjer barnetrygda frå når det samla tilskotet til barnefamiliane vert rekna ut. Totalt sett vil barnefamiliane i Askøy difor framleis koma verre ut økonomisk enn i mange andre kommunar i Hordaland.

1,25 millionar til fattigdomsutgreiing
Politikararne i Askøy kranglar om ei budsjettoverskriding på 500.000 til dei økonomisk mest vanskelegstilte i kommunen. Til samanlikning fekk Askøy kommune i fjor eit særskilt tilskot på 1,25 millionar kroner frå fylkesmannen i Hordaland for å utreia temaet barnefattigdom. Berre ein del av summen vart nytta.

Siste ordet
Posisjonen sitt forslag om å prioritera einslege forsørgjarar vart tilrådd mot fem røyster. Kommunestyret skal ha siste ordet i saka

Les meir:
Barnefattigdom – eit ikkje-tema i Askøy

Last ned saksutgreiinga her

2 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s