3,9 millionar til innovasjon og fornying i kommunane

Fjordbybane i Askøy og velferdsteknologi i Sund. Dette er tema for to av dei fem prosjekta i kommunane i region vest som får tildelt skjønnsmidlar frå fylkesmannen i Hordaland denne våren.

teisten
Snøggbåten mellom Kleppestø og Bergen hadde ein auke i passarsjertalet på 34 prosent i 2015. No jobbar sterke krefter i kommunen for å forlengja rutenettet.

Tildelingane i denne søknadsrunden var øyremerkja fornyings- og innovasjonsprosjekt i kommunane. Fjell, Sund, Øygarden og Askøy sende inn totalt 12 søknadar.

Fem av prosjekta passerte nålauga. Samla fekk dei fem prosjekta tildelt 3,95 millionar i støtte.

Desse prosjekta fekk støtte:
Kommune   Søknadstittel                          Omsøkt   Innvilga
Fjell              Regionalt barnevernsarbeid  2,76           1,8
Sund             Velferdsteknologi i vest         3,5             1,0
Sund            Vest – ekstra                            1,45           0,5
Sund            Kompetanseløft beredskap    0,15           0,15
Askøy          Fjordbybane og kollektivtransport 1,0    0,5

Fylkesmannen mottok totalt 59 søknadar, om til saman 37 millionar kroner. 32 av søknadane måtte dela på 14,75 millionar kroner.

Du kan lesa heile oversikten på fylkesmannen sine sider.

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.