Manglar svar om tryggleiken til innbyggjarane på Straume

Straume skal verta senter i nye Øygarden kommune. Intensjonsavtalen legg opp til at det skal skje ei sentralisering i bygda. Tryggleiken for heimane til innbyggjarane på Straume er likevel eit ikkje-tema i intensjonsavtalen, så vel som i debatten.

Dette var eit av spørsmåla som vart avklart under det sjette og siste folkemøtet om ei mogeleg samanslåing mellom Fjell, Sund og Øygarden torsdag kveld. Gymsalen på Tjeldstø skule var fullsett, og temperaturen vart etterkart høg under debatten.

Uavklart
Intensjonsavtalen for ei eventuell kommunesamanslåing tek godt vare på dei mange tilsette i kommunane, og har klare retningslinjer mellom anna for eigedomsskatten for næringslivet.

Ikkje alle tema er like godt avklarte.

-Ingen snakkar om kva intensjonsavtalen vil innebera for innbyggjarane på Straume. 15 familiar har så langt mista heimane sine for å verkeleggjera byplanane. Kor mange fleire heimar står i fare dersom det vert ei kommunesamanslåing, spurte Tunnelsyn ordførarpanelet som bestod av Marianne Bjorøy (Fjell, A), Børge Haugetun (Øygarden, TVØ) og fungerande ordførar Nils Kåre Skoge (Sund, H).

Eit ubehageleg tema

Ordførar Marianne Bjorøy i Fjell har ingen ambisjonar om at nye Øygarden kommune skal verta noko fyrtårn når det gjeld å verna innbyggjarane sine heimar mot sentralisering.
Ordførar Marianne Bjorøy i Fjell har ingen ambisjonar om at nye Øygarden kommune skal verta noko fyrtårn når det gjeld å verna innbyggjarane sine heimar mot sentralisering.

Spørsmålet kom tydeleg uventa på ordstyrer Vigleik Brekke. Helst ville han ha hoppa bukk over spørsmålet og gått vidare til neste på talarlista.

– Kan eg få svara, avbraut Marianne Bjorøy.

– Teamet vert ikkje omfatta av intensjonsavtalen, la ordføraren i Fjell til.

Snakka friare
Tunnelsynredaktøren var langt den einaste som gav uttrykk for uro og bekymring for kva ei eventuell kommunesamanslåing kan koma til medføra. Stemninga i salen var tydeleg negativ til prosjektet. Ettersom møtet ikkje vart videooverført av Vestnytt, gav mellom anna Aud Karin Oen uttrykk for at ho no kunne tillata seg å snakka friare.

Initiert ovanfrå
At planane om ei samanslåing er initiert ovanfrå, og at kommunane no møter truslar om økonomiske straffereaksjonar dersom dei ikkje føl oppfordringa frå Regjeringa, la verken Skoge eller Haugetun skjul på.

”Om” det vert ja
For første gong under folkemøta var politikarane tydelege på å nytta ordet ”om” når dei snakka om vedtaket som dei tre kommunestyra skal gjera 20. juni.

Vinden som bles
Kjell Alvheim (Øygarden, V) ville nytta den vinden som bles. Han var likevel sterkt usamd i avgjerda om ikkje å la innbyggjarane avgjera spørsmålet i ei folkerøysting.

– Nye Øygarden skal ha 40.000 innbyggjarar i 2020. Berre 45 av dei skal sitja i kommunestyret. No fråtek ein dei 39.955 andre medverknad på kva som skal skje. I eit reelt demokrati forventar vi at politikarane tek folk på alvor, sa Alvheim.

Uroa for skular og barnehagar
Diskusjonen avslørte at fleire øygardsstrilar er uroa for framtida til heimlege barnehagar, skular og vegstubbar. Egil Sæle (A) var ein av dei som var tydelegast.

-Intensjonsavtalen sitt prinsipp om nærleik til offentlege tenester sikrar innbyggjarane tilgang til skular og barnehagar slik som i dag, meinte Skoge.

Er du mot, så er du lite konstruktiv
– Eg har ikkje oppfatta siste spørsmålstillaren for å vera mellom dei mest konstruktive, sa Haugetun.

Ordførar Børge Haugetun i Øygarden vil vera med på å leggja premissa for ei kommunesmanslåing. Han gjekk langt i å karakterisera meiningsmotstandarane som lite konstruktive.
Ordførar Børge Haugetun i Øygarden vil vera med på å leggja premissa for ei kommunesamanslåing. Han gjekk langt i å karakterisera meiningsmotstandarane som lite konstruktive.

-Vi må tenkja framover, sjå kva som trugar Øygarden. Eg aktar ikkje å sitja i baksetet når Regjeringa snakkar om kommunereforma. I staden vil eg vera med på å leggja premissa, og då kan ein ikkje krangla om detaljar i lokalpolitikken, sa Haugetun.

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.