Problematisk mediesentralisering

Osloavisene veit ikkje lenger kva som føregår ute i distrikta. Det er eit problem at nedbemanningane i media fører til sentralisering, medgjev næringsminister Monica Mæland.

Næringsminister Monica Mæland er bekymra over sentraliseringa av norske media. Ho har likevel ikkje planar om å gjera noko med det.
Næringsminister Monica Mæland er bekymra over sentraliseringa av norske media. Ho har likevel ikkje planar om tiltak som kan motverka manglande informasjon og einsretting av mediebiletet.

Som følgje av dei omfattande nedbemanningane siste åra er dei store avisene no berre tilstade i Oslo. Dei er ikkje lenger tilstade ute i distrikta og tett på næringslivet, seier næringsministeren som sjølv har stor nytte av å reisa land og strand rundt og snakka med næringsdrivande om det som opptek dei.

Møtte næringslivet
Næringsministeren møtte i dag politikarar og næringsliv på Sotra og Øygarden til dialogmøte om kva som opptek folk i dei kriseråka olje- og gasskommunane vest for Bergen.

Sotra er eitt av dei områda i landet der det skjer mykje om dagen som ikkje vert dekka av etablerte media.

Treng fleire media
Norge treng fleire media, ikkje færre. Mange flinke journalistar har blitt oppsagde siste åra.

Nye nettaviser har lav etableringsterskel, sett frå eit teknologisk synspunkt. Støtte til nye nettaviser vil kunna gje nye arbeidsplassar samstundes som det kan motverka både manglande informasjon og einsretting avvmediebiletet.

Støtte til nye nettaviser?
-Kan det vera aktuelt for Regjeringa å gje støtte til å nye nettaviser, spurte Tunnelsyn næringsministeren.

Mediestøtta har vore heftig debattert siste året, men temaet høyrer eigentleg til i eit anna departement, ifølgje Mæland.

-Nettaviser, nei. Dagens mediestøtteordning gjev mest pengar til mindre aviser, som Vårt Land og Klassekampen, sa næringsministeren.

Etablerte papiraviser
Begge eksempla Mæland nemnde er godt etablerte papiraviser med Oslo som base. Det verka likevel ikkje å bekymra ministeren.

Mediegründarane henviser ministeren i staden til Innovasjon Norge, der dei kan ha håp om generell etablerarstøtte. I Innovasjon Norge er dei derimot opptekne av å prioritera produksjonsverksemder.

Utløyser ikkje handling
At nokon skulle finna på å tenkja motstraums i dagens mediebransje, er visst ein utenkjeleg tanke, sjølv i ein by som rosar seg av å ha eit nasjonalt kompetansesenter for nettopp media.

Næringsministeren sitt hjartesukk over manglande mediemangfald og tilgang på informasjon om det som skjer kringom i landet, utløyser ikkje handling.

4 Comments

    1. Godt spørsmål! Det sa Mæland ikkje noko om. Vi må vel likevel kunna anta at sidan både næringsministeren og statsministeren kjem frå Bergen, så har i det minste dei to Vestlandet i «vidvinkelen».

      Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s